Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar/vernepleiar
Vinje helse og omsorg har ledig 100% fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar /sjukepleiar/vernepleiar - ID 1728. Ledig frå 01.05.2020.
Søknadsfrist 21.02.2020
Turnusstilling med arbeid kvar 3. helg. Me oppmodar menn om å søkje.
Arbeidet er variert og utfordrande. Arbeidsoppgåvene er retta mot tett individuell oppfylgjing av bebuarar både fysisk og psykisk samt miljøarbeid i bustad. Det er etablert team rundt kvar enkelt bebuar. Tilsette får rettleiing og undervisning regelmessig.
Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar bør ha vidareutdanning og/eller erfaring innan psykisk helsearbeid
- Ha interesse for fagfeltet psykiatri, rus og miljøarbeid
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med psykose pasientar og utagerande pasientar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skrifteleg -- minimum nivå B2
- Førarkort klasse B. Må kunne disponere eigen bil
- Me søkjer etter ein sjølvstendig og resultatorientert person med gode evner til samarbeid og fleksibilitet
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Lovkrav om politiattest
Dersom fleire stillingar vert ledige med bakgrunn i interne omrokkeringar, tilset me og i desse. I samsvar med offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsleiar Carsten Hald, tlf.nr.: 90 93 70 93.