Tecno VVS søker trainee: ingeniør
Framtidsfylket AS
Gamle Dalavg. 84, 5600 Norheimsund
Om jobben
Type ansettelse
Trainee, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. mars
Som trainee hjå oss, vil du få prøve deg innanfor fleire område av VVS-faget. Det tydar at du får jobbe med alt frå:
- Tilbodsbefaringar og prosjektering av tekniske system, der du finn dei beste løysingane for kvar kunde.
- Koordinering og prosjektleiing – du får jobbe tett saman med, og lære av dyktige fagfolk, inkludert automasjonsavdelinga, røyrleggjarar og ventilasjonsmontørar.
- Miljø og berekraft, med fokus på energileiing og grønne løysingar.
- Rådgjeving og teknologi, der du nyttar topp moderne verktøy som BIM for å visualisere prosjekta dine.
- Oppfylgjing på byggjeplass der du får sjå og kjenne på anlegga etter dei er bygd
- Her får du sjå dine eigne idear verta sett ut i livet, frå teiknebrettet til ferdige installasjonar.
Hjå Tecno VVS jobbar du tett med kollegaer som har brei erfaring frå ulike delar av bransjen. Til dømes:
Tor – Ein erfaren sivilingeniør innan el-kraft og teknisk sjef sidan 2013.
Bjørge – Bachelor i maskinteknikk og mangeårig spesialist innan prosjektering og utvikling.
Jan Eirik – har ein master i integrert bygningsteknologi og bachelor i energiteknologi. Ein ekte problemløysar med auge for smarte løysingar!
Andreas – Ung og engasjert energientusiast med spisskompetanse innan bærekraftige bygg.
Desse (og mange fleire) gler seg til å dele kunnskap og gode historier i kaffipausen.
Korleis er det å jobbe hjå oss?Arbeidsmiljøet vårt er fagleg sterkt, sosialt og ikkje minst inkluderande. Her er det låg terskel for å dele idear, og alle får høve til å vekse i jobben sin.
Som ingeniør består arbeidskvardagen mest av kontorarbeid, med planlegging, og prosjektering innan VVS faget. Men i motsetning til mange andre kontorjobbar, kjem ein seg fysisk ut på prosjekta, og ser kva ein skal jobbe med.
Arbeidsdagen kan ofte vere variert og krevjande, med mange oppgåver som skal handsamast. Ein kan starte dagen med arbeid på ei hyttetomt og avslutte med eit større prosjekt, som eit hotell, eit VA-anlegg eller ei energiberekning.
Med gode og støttande kollegaer med mykje god(?) humor, får du eit arbeidsmiljø som ikkje berre er lærerikt men òg trygt.
Me ser etter deg som:- Har eit ynskje om å lære og utvikle deg innan VVS-faget.
- Er nysgjerrig på teknologi og berekraftige løysingar.
- Taklar ein hektisk kvardag
- Set pris på eit godt samarbeid – både på kontoret og ute på prosjekta.
- Eit unikt innblikk i VVS-bransjen, frå prosjektering til ferdigstilling.
- Fagleg støtte frå dyktige kollegaer innan automasjon, blikkenslagarfaget og mykje meir.
- Ei bratt læringskurve som kan skyte fart på karrieren din.
- Eit trygt og hyggjeleg arbeidsmiljø der du får vere deg sjølv.
Vil du arbeide med smarte, bærekraftige løysingar som gjer bygg energieffektive og gode å bu i? Send oss ein søknad!
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogramÅ starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gjev ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Om bedriften
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.
Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!
Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.
Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.
Les meir på Framtidsfylket.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2814939
- Hentet fra
karriere.no
- Referanse
5040b12e-dca3-46d6-bb2a-77afcdfde93a