Ferievikarar 2024 - sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar og elevar
Vil du bli vår kollega til sommaren?
Vi treng deg som er motivert til å gjere ein god jobb for våre brukarar og pårørande.
Vi vil gjere vårt beste for at du både skal få utvikle deg og trivast på vakt.
Vi treng personar i veke 26 - veke 33 til desse avdelingane:
SULATUNET
Langtidsavdelinga
Korttids/rehabiliteringsavdelinga
Kjøkken
HEIMETENESTENE
HBO ytre - Heimesjukepleie og praktisk bistand. Base ved Stadsnesvegen 9
HBO indre - Heimesjukepleie og praktisk bistand. Base ved Nausthaugen
Molværsvegen 11
Bufellesskap for mennesker med psykiske lidinger
BUKOLLEKTIVA
Sloghaugvegen 28 - Heildøgnsomsorg
Molværsvegen 15/17/19, heildøgnsomsorg for personar med demenssjukdom.
Seniorsenteret og Erindringssenteret
Kvalifikasjonar
*Vi ønskjer primært personar med fagutdanning innan helse- og sosial eller erfaring frå slikt arbeid.
*Studentar, skuleelevar og andre er velkomen til å søke
*Attestar og vitnemål skal leggast ved i søknaden
*Krav om politiattest i alle avdelingane
*Oppgi i søknaden kva for ei avdeling du vil arbeide i
*Oppgi om du har førarkort
Personlege eigenskapar
*Du er påliteleg, positiv og fleksibel
*Du har gode samarbeidsevner og evne tilå arbeide sjølvstendig
*Du ønskjer å gi eit godt tilbod til brukarane våre og til å bidra i arbeidsmiljøet
*Datakunnskap og god norskkunnskap både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.
*Du vil få god opplæring og vi har eige introduksjonskurs for vikarar
Vi tilbyr
*Ein inkluderande arbeidsplass med mulegheiter for fagleg utvikling
*Lønn etter tariff
*Gunstige bonusordningar om du arbeider meir enn 5 veker
*Gratis parkering
Vi ønsker deg velkomen som søkar til ein kjekk sommar i Sula kommune!
Husk å oppgi referanse
Kontaktinformasjon
Torunn Veddeng, Einingsleiar Heimetenestene, 95710262, torunn.veddeng@sula.kommune.noGrethe Juul Molvær, Einingsleiar Sulatunet, 95710256, Grethe.Juul.Molvaer@sula.kommune.no
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar Bukollektiva, +47 91596764, cecilie.orjasaeter@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Sloghaugvegen 136030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4748361458
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 07.04.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Meir informasjon om Sula kommune.