Barne- og ungdomsarbeidar
Me søkjer:
Barne-og ungdomsarbeidar i 80% vikariat ved Sandeid barnehage.
Stillinga er ledig frå 01.03.2021-13.08.2021.
Tiltreding 01.03.2021.
Hovudarbeidsoppgåver
- Delansvar for å gi eit godt sosialt, omsorgsfullt og pedagogisk tilbod til barna
- Vera ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen
- Likar å vera ute
- Observasjon/tiltak i forhold til einskildbarn og gruppe
- Utføre oppgåver pålagt av ped.leiar eller styrar
- Delansvar for å auka kvaliteten på tilbodet
- Halde deg fagleg oppdatert
- Vere med å utvikle språket til barna gjennom muntleg deltaking og samspel
Kvalifikasjonar
- Barne og ungdomsarbeidar vil bli prioritert men oppmodar og andre til å søkja
- Kreves politiattest ved alle tilsetjingar
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Andre opplysningar
- Sandeid barnehage er ein 4 - avdelingsbarnehage.
- Barnehagen ligg nær både sjø og skog.
- Me har stort fokus på utviklingsarbeid og har tett samarbeid med høgskulen på vestlandet.
- Arbeidet kan bli på fleire avdelingar og kan også bli knytta opp mot enkeltbarn.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege eigenskapar
Me ønsker deg som har ståpå vilje, er fleksibel, tar ei utfordring, er positiv, er utadvendt og taklar stress. Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har 9 bygder med 8.900 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein storlandbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å verasentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje bådemot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.