Vernepleiar – 100 % fast stilling i TTF
Stillinga er ledig frå 01.08.2021.
Hovudansvarsområde:
Fagleg oppfylging av brukarar i tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell og spesialisthelseteneste.
Kvalifikasjonar:
Vi ynskjer i hovudsak søkarar med utdanning som vernepleiar. Andre med relevant utdanning kan også søke.
Erfaring frå arbeid med personar som har utviklingshemming og funksjonsnedsetting vil vere ein fordel.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi søkjer ein person som:
- Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel.
- Har gode evner til å kommunisere og skape ein god arena for samarbeid.
- Har evne til å jobbe sjølvstendig.
- Har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
- Likar utfordringar.
- Har brukar i fokus.
Du må ha førarkort for personbil.
Tilsetjingsvilkår:
Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk.
Ved tilsetting må det leverast politiattest.
Utanlandske søkarar må ha norsk autorisasjon.
Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve.
Kontaktperson ved spørsmål:
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med avdelingsleiar HSPL/TTF, Gunn Marit Aslestad, på telefon 977 17 105.
Søknadsfrist:
Søknadsfrist for stillinga er 15.05.2021.
Velkomen som søkar!
Vi ber om at de brukar elektronisk søknadsskjema.
Om bedriften
Gjennom handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar, skal Fyresdal vere ein framifrå stad å bu og virke!