Reinhaldsoperatør/reinhaldar
Fast 100% stilling som reinhaldsoperatør/reinhaldar.
Reinhalds- og tekstilavdelinga har 27 årsverk og har som oppgåve å levere reinhald og tekstiltenester til avdelingar ved Førde sentralsjukehus. Arbeidet vil foregå i Helse Førde sin bygningsmasse i Førde. Arbeidstid vil vere i ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 06:00 - 21.30 på kvardagar. Det må også påreknast arbeid kvar 3. helg og arbeid ved HH-dagar.
Dersom det i framtida vert endring i driftsmessige tilhøve, vil arbeidstid endrast i tråd med lov og avtaleverk.
Vi ber om at søkjar oppgir aktuell dato for oppstart i stillinga. Stillinga er ledig frå d.d.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver vil være:
- Maskinelt reinhald
- Smittereinhald
- Reinhald av operasjonsstover
- Anestesi reinhald
- Reinhald av avdeling for patologi
- Bruk av elektroniske reinhaldsplanar
- Planlegging og utføring av periodiske reinhaldsoppgåver
- Være med på å reingjere og vedlikehalde avdelinga sitt arbeidsutstyr
- Delta i anna førefallande arbeid i avdelinga.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Fagbrev som reinhaldsoperatør, eller lang erfaring frå utøving av reinhaldsfaget i helseinstitusjon
- Gode norskkunnskapar, både skrifteleg og munnleg.
- Har gode datakunnskaper og kan nytte desse i dagleg arbeid.
- Kjennskap til reinhaldsstandard Insta 800 og NS 6600.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er stabil, punktleg og påliteleg
- Kan jobbe sjølvstendig og i team
- Har interesse for at arbeidet du utfører er av god kvalitet
- Kan jobbe målretta og effektivt i krevjande situasjonar
- Er samarbeidsvillig, mottar og tilbyr hjelp
Vi tilbyr
- Opplæring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande avtaler og regelverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Elin Høyland, Husøkonom, +47 578 39 378Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4790255907
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.04.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.