Kunne du tenke deg eit vikariat på Vikedal skule til våren?
Vindafjord kommune Oppvekst
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar/ undervisningspersonell
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. desember
Lærarar, studentar eller andre med pedagogisk erfaring til kortare og lengre vikariat utover våren 2025.
Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 160 elevar. Vikedal skule ligg fint til med gåavstand til idrettshall og flott natur. Me har sosial læring og utvikling som fokusområde i utviklingsarbeidet vårt, og me treng deg som brenn for dette arbeidet.
Hovudarbeidsoppgåver:- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Tilbod om gunstig mobilabonnement
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg skal legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2803861
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3434501_229709_nn