Ferievikarar 2019 - Helsetenester
Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffe deg verdifull praksis? Kan ei stilling som ferievikar i Os kommune vere noko for deg? Vi ønskjer deg som kan jobbe minst 4 veker samanhengande i sommar.
Arbeidsstader og Arbeidsoppgåver
Vi treng ferievikarar på følgjande stadar:
- Vartun oppfølgingsteneste - Lavterskel butiltak
- Avd. Psykisk helse - Kontakto dagtilbod
- ROP team (rus og psykisk helse)
- Avd. Bufellesskap (Grantun og Stegen)
Vartun og Grantun treng òg vakne nattevakter.
For alle stillingane gjeld turnusarbeid.
Dersom du har ønskjer er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje.
VARTUN OPPFØLGINGSTENESTE
Vartun er ei helse- og omsorgsteneste som tilbyr individuell oppfølging, motivasjonsarbeid, miljøarbeid og målretta
miljøterapeutisk oppfølging. Dette gjeld òg LAR-brukarar. Målgruppa er rusavhengige som treng hjelp til å bu og der
rusmisbruket er hovudårsak til redusert eller manglande buevne.
Som ferievikar vil du vere innom følgjande tenester:
- LAV-terskel butiltak med oppfølgingstenester
- LAR-tiltak, legemiddelassistert rehabilitering
- Prosjekt Livskvalitet - lågterskel arbeidstiltak, aktivitetar og trening
Du vil ta del i oppgåver som bustadsosial oppfølging, miljøarbeid, utdeling av LAR-medikament (legemiddelassistert
rehabilitering) og individuell oppfølging av brukarar, inkludert brukarar med ROP-lidingar (rus og psykisk helse).
AVD. PSYKISK HELSE OG AVD. BUFELLESSKAP
Målgruppa for tenesta er personar med psykiske lidingar. Målsettinga for bufellesskapa er å skape eit miljø som er trygt
og føreseieleg, som kan skape trivsel og gje rom for eigenutvikling. I tillegg arbeider tenesta for å fremje
sjølvstendigheit, tilhøyrsle og for å styrke evna til å meistre eiget liv.
Som ferievikar vil du vere innom følgjande tenester:
- Kontakto dagtilbod, lavterskel møteplass
- Stegen bufellesskap
- Grantun bufellesskap
- ROP team
Du vil ta del i oppgåver som miljøarbeid, individuell oppfølging av brukarar innan psykisk helse, individuell oppfølging
av brukarar med ROP-lidingar (rus og psykisk helse) og dagleg drift av Kontakto/Stegen.
Kvalifikasjonar
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Er du engasjert, trygg, omsorgsfull, har interesse for å arbeide med
menneske og er over 20 år? Då er du velkomen til å søkje som ferievikar hos oss. Du må og ha moglegheit til å jobbe 4 veker
samanhengande.
Det er ønskjeleg at du har:
- har førarkort klasse B
- helsefagleg kompetanse (Krav til søkarar til LAR-tiltak)
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Løn etter avtale.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Om bedriften
Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.