Spennande stilling i ein kommune i vekst
Bokn kommune Teknisk
Boknatunvegen 37, 5561 Bokn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftstekniker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. januar
Bokn kommune søkjer ein dyktig og engasjert driftsteknikar til vårt driftsteam. Seksjon teknisk i Bokn kommune har 12 tilsette innan drift, vedlikehald og reinhald. Stillinga går inn i eit team av tre driftsteknikarar. Dei tilsette jobbar sjølvstendig og engasjert. Som driftsteknikar vil du ha ei sentral rolle i å sikre at våre tekniske anlegg fungerer optimalt. Du vil bidra til vedlikehald, reparasjonar og effektiv drift av kommunen sine bygg og infrastrukturen, inkludert vegar, uteområde, vassverket samt leidningsnett for vatn og avløp.
Arbeidsoppgåver:
Utføre rutinemessig vedlikehald og reparasjonar på kommunale bygg og tekniske anlegg
Identifisere og løyse tekniske problem
Samarbeide med eksterne leverandørar og entreprenørar
Følgje opp og rapportere om vedlikehaldsarbeid og tilstandsvurderingar
Delta i vaktordning og beredskapstenester
Kompetanse og erfaring:
Relevant fagbrev innan rørlegging, automatikk, bygg- og anlegg, byggdrift, mekanikk
Norsk er arbeidsspråk og må beherskast munnleg og skriftleg
Prosessforståing
Andre fag kan vere aktuelle
Førarkort klasse B, ønskjeleg med BE og T
Anna relevant erfaring kan vege opp for formell utdanning
Kunnskap om å bruke tidsriktig IKT
Kommunal erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som er sjølvstendig, moderne og engasjert. Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i team, og vere serviceinnstilt og løysingsorientert. Vi set pris på at du interesserer deg for moderne løysingar og samtidig kan verdsette tradisjonelle metodar. Vi søker ein person som er over gjennomsnittet fleksibel, god til å planleggje arbeidsdagen sin og jobbe strukturert. Det er viktig at du trivst i eit travelt arbeidsmiljø og kan ha god dialog med både innbyggjarar og samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr:
- Jobbtelefon
Ei spanande og utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
Fleksibel arbeidstid
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2804307
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3435359_240719_nn