Sjukepleiarar/vernepleiarar
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik
Om jobben
Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing sjukepleiarar (evt. vernepleiar) frå 05.08.2024
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Om stillingane Me tilbyr
Gulen kommune, for tida ved Gulen sjukeheim - Sone Eivindvik, har ledig fylgjande stillingar frå 05.08.2024:
- 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar, nattevaktstilling (jobb kvar 3. helg)
- 200% faste stillingar som sjukepleiar/vernepleiar (jobb kvar 3. helg)
- 100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar (langvakter), frå 05.08.24 - 31.08.25 (jobb kvar 4. helg)
- Løn over tariff for arbeid i turnus
- Bonus på 100 000,- ved binding i to år i dei faste stillingane (ratevis utbetaling)
- Ekstra helgekompensasjon
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til personane på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik. Stillingane er i utgangspunktet knytt til sjukeheimen, men det kan vere aktuelt med enkelte oppgåver i sona elles også.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Avløysar for avdelingssjukepleiar
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2697737
- Sist endret
26. august 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10218071