Lege i spesialisering 2/3
ØNH - Kjeveavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering 2/3
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 12. desember
Øyre-nase-hals avdeling har per no 5 overlegestillingar og 4 LIS, vi har i tillegg audiografar, søvnsjukepleiarar og sjukepleiarar. I seksjon for kjevekirurgi, er det tilsett oralkirurg, tannhelsesekretærar og sjukepleiar.
Helse Førde har avtale med Helse Bergen om gjennomføring av gruppe 1 teneste.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinikk
- Høyresentral
- Søvnpasientar
- Allergiutgreiing/allergivaksinasjon
- Sengepostarbeid
- Operasjonar i lokal- og generell anestesi
- Vakt funksjon – per no: firedelt vaktfunksjon for LIS, passiv vakt med overlege i bakvakt. Vaktordning kan være under endring
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon
- Fullført LIS1 utdanning
- Søkjarar utanfor skandinavia må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Ein vektlegg tidlegare erfaring frå ØNH faget eller anna, relevant klinisk erfaring
- Fordel med kjennskap til relevante elektroniske program for pasientinformasjon/dokumentasjon, samt å effektivt lære seg nye verktøy
Personlege eigenskapar
- Søkjar bør ha evner til å takle ein travel kvardag ved avdelinga
- Gode samarbeidsevner og fungere godt i teamet
- Engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskje om å vidareutvikle kompetansen og avdelinga
Vi tilbyr
- Løn etter avtalefesta tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Karianne Strønen, Avdelingssjef, 578 31 582Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4890218943
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 12.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Karianne Strønen
Avdelingssjef
578 31 582
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2800094
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0cab1b553d3841039f632df4f6562427