Fysioterapeut
Ergo- og fysioterapi, Kvam herad
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
22. april 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Fysio- og ergoterapi er tenester prega av rørsler, moglegheit for meistring og helse i eit livsløpsperspektiv. Kunnskap om korleis kroppslege reaksjonar og sjukdomar kan hengja saman med livstilhøve og andre situasjonar står sentralt. Målet er sunne, robuste, levande og lærande menneske gjennom heile livet - uansett funksjonsnivå.
Fysioterapeutane er organiserte i ei felles ergo- og fysioterapiteneste. Oppgåvene i denne stillinga er kurative og førebyggande oppgåver for vaksne og eldre. Teamet som jobbar med desse brukargruppene gir tenester til brukarar i Øystese, Norheimsund og Strandebarm i og utanfor institusjon som ikkje kan nytta dei private fysioterapiinstitutta.
Arbeidsoppgåver
Me arbeider i team med t.d.:
- Undersøking, tiltak og behandling individuelt og i gruppe
- Å leggja til rette for aktivitet og sosial deltaking, dette gjeld praktisk, teknisk og relasjonelt
- Rettleiing og undervisning av pårørande og samarbeidspartnarar
- Kvardagsmeistring
- Palliativt arbeid
- Velferdsteknologi
- Habilitering, rehabilitering og kvardagsrehabilitering
- Forflytningsteknikk
I søknaden ber me om at du gjer greie for interesse, engasjement og kompetanse innanfor desse områda.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Relevant arbeidserfaring som fysioterapeut
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Du må ha førarkort for bil og kunne disponera eigen bil. Du mottek godtgjersle for dette etter kommunale satsar.
Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Me ber om at du lastar opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Personlege eigenskapar
Me ønskjer medarbeidarar som:
- brenn for å få brukarane til å meistre og vil vera med å gje gode tenester og utvikle tenetene til eldre/vaksne
- er pålitelege, lyttande, jobbar kunnskapsbasert, sjølvstendig og tek utfordringar
- samarbeider på tvers av fagfelt og spelar kvarandre gode
- deler og aukar kunnskapen sin
- er opne for endringar, fleksible og løysingsorienterte
- serviceinnstilte og engasjerte
- rause og inkluderande
- innovative
Me tilbyr
- Spennande, faglege utfordringar i eit kunnskapsbasert miljø
- Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Torild Kveberg, Leiar for ergo- og fysioterapitenesta, +47 901 76 166Arbeidsstad
Grovagjelet 165600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4915247297
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 22.04.2025
Søknadsfrist: 02.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Torild Kveberg
Leiar for ergo- og fysioterapitenesta
+47 901 76 166
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864452
- Hentet fra
talentech
- Referanse
87204f7a17b142c380a44d1ce5af65dd