Krokedalen barnehage SA søkjer dagleg leiar
Krokedalen barnehage har ledig stilling som dagleg leiar i 100% fast stilling frå 01.08.2024.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad
- Styrarutdanning- og erfaring er ønskjeleg
- Erfaring med pedagogisk arbeid
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner. Nynorsk vert nytta i skriftleg kommunikasjon.
- God økonomisk og digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og nærverande leiar som er synleg tilstades i kvardagen i barnehagen
- Kan arbeide sjølvstendig og likar stort handlingsrom
- Lyttande, løysingsorientert og har evne til gjennomføring
- Trivst med varierte arbeidsdagar og nye utfordringar
- God barnehagefagleg kompetanse og evne til å leie endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen
Arbeidsoppgaver
Ansvarsoppgåver
- Pedagogisk, administrativ og økonomisk leiing av barnehagen
- Vere personalleiar og følge opp den daglege drifta av barnehagen
- Rekruttere, rettleie og sikre god kompetanseutvikling blant dei tilsette
- Samarbeide og ha god dialog med tilsette, foreldre, styret og andre instansar/samarbeidspartar
- Samarbeide med kommune og vere oppdatert på vedtak og pålegg relevant for barnehageng vere oppdatert på vedtak og pålegg relevant for barnehagen
Vi tilbyr
Vi kan tilby:
- Moglegheit til å vere med å vidareutvikle barnehagen
- Moglegheit for vidareutdanning etter avtale
- Eit godt og trygt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Opplæring
Gyldig politiattest etter Barnehagelova § 30 må leverast før ein tek til i stillinga.
Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, røynsle frå tilsvarande arbeid og personlege eigenskapar.
Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Om du trur at du kan trivast og gjere ein god jobb som dagleg leiar i Krokedalen barnehage, vil vi gjerne høyre frå deg. Søknad og CV sender du til: krokedalen@orstabarnehagen.no
Har du spørsmål om stillinga?
Ta kontakt med dagleg leiar Linda Engjaberg, tlf 97790657 eller styreleiar Ruth Eva Sollie tlf 98059751
Søknadsfrist: 14.april 2024.
Om bedriften
Krokedalen barnehage SA er ein privat, foreldreeigd barnehage. Barnehagen har tre avdelingar med til saman 57 barn og 16 tilsette. Vi har eit moderne bygg med nytt uteområde og eigen skog.
Visjonen vår er : "Vi vil -vi kan"
Omsorg, meistring og glede.
Verdiane våre skal vere styrande i kommunikasjon med barn, foreldre, kollegaer og andresamarbeidspartar. Krokedalen skal vere ein god stad å vere for alle.
Krokedalen barnehage driv i tråd med barnehagelova og tilhøyrande forskrifter, rammeplan for barnehagar og eigne vedtekter. Barnehagen er medlem av PBL (private barnehagars landsforbund) og har lønn og pensjonsordningar i tråd med sentrale avtalar. Dagleg leiar rapporterar til det valde styret i barnehagen.