Avsnittsleiar/operasjonsleiar
FOT - Seksjon for operativ styring, Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Avsnittsleiar/operasjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søkjer deg som vil vere med og leie operasjonssentralen framover, både fagleg og personalmessig. Vi har ledig ei fast stilling som avsnittsleiar/operasjonsleiar, politioverbetjent SKO 0287, ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.
Vi ser etter deg som har gode leiareigenskapar, er initiativrik og har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det anna kvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.
Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga er organisert under seksjon for operativ styring. Seksjonen er inndelt i tre avsnitt som leiast av kvar sin avsnittleiar. Vi har mange erfarne leiarar og god spreiing i alder og erfaring mellom operatørane. Operasjonssentralen har eit godt arbeidsmiljø og er kjent for å ha dyktige medarbeidarar.
Operasjonssentralen er plassert i politihuset i Ålesund. Sentralen er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal. Litt reiseverksemd kan forekomme.
Arbeidsoppgåver
Avsnittsleiar
- Har personalansvar for operasjonsleiarane, oppdragsleiarane og operatørane på eige avsnitt
- Saman med seksjonsleiar vere med å drifte den daglege tenesta ved operasjonssentralen
- Avsnittsleiare vil representere operasjonssentralen i ulike samarbeidsmøter internt/eksternt
- Ta del i dei administrative oppgåvene ved seksjonen og driftseininga
- Er ein del av ledergruppa i operativ styring og utvida leiargruppe på FOT
- Kan bli pålagt andre oppgåver
Operasjonsleiar
- Øvste leiar på operasjonelt nivå når det ikkje er satt stab
- Ansvarleg for samhandling med innsatsleiar i både planlagde og hendingstyrte oppdrag
- Ansvarleg for å konferere med stabssjef ved behov for fagleg rådgjeving
- Ansvarleg for å følge opp styringssignal frå overordna nivå
- Ansvarleg for å ha oversikt over politidistriktet sin operative kapasitet (ressurs og kompetanse) i samhandling med tenestekontoret. Skal bistå tenestekontoret med sanntidsføring i TTA, etter kontortid.
- Ansvarleg for samhandling og oppfølging med Felles straffesaksinntak (FSI). Operasjonsleiar er etterforskningsleiar når FSI ikkje er på arbeid
- Ansvarleg for å handtere media og informere befolkninga etter sentrale retningsliner og lokale instruksar
- Skal ha god kunnskap om lovverk, i instruksverk og ordrar
- Skal ha inngående kunnskap om PBS I – II og III og drifte tenesten i samsvar
- Ansvarleg for HMS tiltak for tenestepersonar i aktiv teneste samt eige team som består av oppdragsleiar og operatør
- Ansvarleg for varslings- og bistandsanmodningar
- Ansvarleg for varsling av stabssjef ved behov for å sette stab
- Ansvarleg og fullmakt til å beslutte bevæpning i samsvar med våpeninstruksen for politiet
- Har fullmakt til å beordre personell og rekvirere ekstern bistand
- Ansvarleg for politidistriktet si operative drift av politidistriktet sin funksjon som lokal redningssentral (LRS) herunder oversikt over redningsressursar
- Kunne fungere som oppdragsleiar og operatør
- Skal rettleie øvrige tilsette ved operasjonssentralen
- Skal utføre oppgåver skildra i rutinar om arbeidsfordeling samt gjeremål for OL og ODL
- Skal ikkje ta 02800 telefonar. I tilfelle kor operatør eller ODL ikkje har kapasitet til å ta 112 telefoner, skal OL bistå
- Ansvarleg for varsling av politimeistaren og jourhavande etter eigne retningsliner
- Kan bli pålagt andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
- Erfaring frå operasjonssentralen
- Brei erfaring frå politiet sine gjeremål, herunder ordenstjeneste og etterforsking
- Relevant erfaring frå leiing
- God kunnskap om nasjonal kriseberedskap og krisehandtering
- God munnleg og skriftleg formidlingevne på norsk og engelsk
- Svært god kjennskap til politiet sine operative styringssystem
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Må kunne klarerast for HEMMELEG/Nato secret jfr. sikkerhetsloven.
Ønskeleg:
- Relevant leiarutdanning
- Studie funksjonsretta leiing for oppdragsleiar/operasjonsleiar
- Studier innanfor etterforskningsleiing
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar, herunder kunne leie situasjonsbestemt og ha god evne til å motivere og bygge opp medarbeidarane
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Høg stresstoleranse
- Endringsvillig
- Initiativrik
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Som leiar må du i tillegg vere ein god rollemodell og leie i samsvar med medarbeiderplattformen vår.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
- Fast stilling som politioverbetjent 0287 i Møre og Romsdal politidistrikt
- Lønn fra kr 720.100 - 745.000 brutto pr år
- Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
- Mogelegheit til trening i arbeidstida
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Erik Steen Mikalsen, 70118957Arbeidssted
Nedre Strandgate 506005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4821485383
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 25.08.2024
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2707799
- Hentet fra
talentech
- Referanse
326ac032a5b94078b0fbe70b65604edd