Vernepleiar/sjukepleiar/sosionom/barnevernspedagog
Langtids døgn rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Glomstuvegen 50, 6411 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar/sosionom/barnevernspedagog
Oppstart
1. mars 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst å prøve deg i ein kjekk og utfordrande jobb innan rusfeltet i spesialisthelsetenesta?
Vi har eit ledig vikariat i 100 % stilling for deg med 3-årig bachelor i helse og sosialfag. Stillinga er p.t turnus med arbeid kvar 6.helg. Tilsetting er ønskeleg så snart som mogleg.
TSB langtidsdøgn Molde er ein døgnseksjon i Avdeling for Tverrfaglig spesialisert rusbehandling i Helse Møre og Romsdal.
Seksjonen har 15 sengeplassar. Pasientgruppa består av pasientar som har utfordringar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole steroidar og spel, ofte også med tilleggslidingar som utfordringar med psykisk helse, vanskar med kjensleregulering og traumelidingar. Pasientane er innlagd i 26 veker.
Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg samansett og inkluderar legar, psykologar og 3-årig helse- og sosialfaglege medarbeidarar, mange med vidareutdanning. Seksjonen tilbyr ei heilskapleg behandling innanfor TSB der vi ser og ivaretek heile pasienten. Det er stort fokus på familie og nettverksarbeid. Behandlinga ved seksjonen innheld gruppeterapi, miljøterapi, treningsterapi og individualterapi. Vi er opptekne av å samarbeide med kommunane og andre samarbeidspartnarar for å få til eit best mogleg behandlingsforløp for pasientane.
Seksjonen har implementert traumebehandling (Narrativ eksponeringsterapi) og DBT (Dialaktisk atferdsterapi) i rusbehandlingsforløpet. Vi har eit pågåande doktorgradsløp på dette.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi
- Individualsamtalar
- Gruppeterapi
- Treningsterapi
- Ulike oppgåver i forbindelse med behandlingsforløpa
- Deltaking i tverrfaglege møter
- Medikamenthandtering
- Delta på ulike aktivitetar saman med pasientane
Kvalifikasjonar
- Bachelor i 3-årig helse- eller sosialfag
- Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- God skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B, med manuell gir
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, positiv, ansvarsbevisst og endringsorientert
- Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
- Du har god arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Ved tilsetjing vil ein leggje vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg miljø av dyktige og erfarne medarbeidarar
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar, ann.kristin.lillebostad.hovden@helse-mr.noØyvind Dahl Indbjør, Ass. seksjonsleiar, 712 19800, Oyvind.Dahl.Indbjor@helse-mr.no
Arbeidssted
Glomstuvegen 506411 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4766383998
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 06.03.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2571402
- Sist endret
7. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cf5d00222a694af2be5426cf22f7f7f1