Postkjøkkenvert
Vi har ledig ei fast, 80 prosents stilling som postkjøkkenvert i avdeling for pleie og omsorg. Arbeidsstaden er for tida Myrvåg omsorgssenter, seksjon A.
Arbeidstida er for tida organisert med dagvakter og arbeid to av seks helgar.
Myrvåg omsorgssenter består av:
- seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining) – integrert med heimetenesta i indre Herøy
- seksjon B: seksjon for personar med demenssjukdom – har langtids- og korttidsopphald
Stillinga er ledig frå dags dato.
Arbeidsoppgåver
- arbeid på dagtid og kvar tredje helg (pleieassistent på helg)
- tilberede og servere måltid til pasientar
- bidra til at pasientane får ei fin oppleving av måltidet
- sikre gode hygieniske rutinar på postkjøkken
- halde god orden og oversikt i kjøleskap/frysar/kjøkkenskap
- planlegge, leie og gjennomføre aktivitetar
- bistå med daglege rutinar i seksjonen
- vere ein bidragsytar til eit positivt arbeidsmiljø
- dokumentere i elektronisk pasientjournal
Kvalifikasjonar
- erfaring med liknande arbeid, eller arbeid innan helse, er ein fordel
- god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk
Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- interesse for geriatri og pasientnært arbeid
- interesse for arbeid med mat og matsikkerheit
- komfortabel med å jobbe sjølvstendig, men har også gode samarbeidsevner
- positiv og serviceinnstilt
- engasjert, fleksibel og løysingsorientert
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- god forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
- fagdag i turnus
- stipendordningar ved vidareutdanning som er i tråd med Herøy kommune sin kompetanseplan
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- IA-bedrift
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Søkarlista kan vert offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478Arbeidsstad
Åsvegen 136080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4786879313
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 03.04.2024
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!