Førde bu- og miljøteneste, eining 1 har ledig
Sunnfjord kommune Førde bu- og miljøteneste, eining 1
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Førde bu- og miljøteneste, eining 1 yt døgnkontinuerlige tenester til personar med psykisk utviklingshemming, og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Personalbasane er tett knytt opp til omsorgsbustader, men over halvparten av dei som tek i mot tenester frå oss bur andre stader i Førde. Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring, fysisk aktivitet og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi har ledig:
- 2 x 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar eller andre med relevant høgskuleutdanning (det kan bli aktuelt å tilsetje i fleire stillingar). Stillingane er ledig frå snarast.
Vi søker etter deg som:
- har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
- har eit fagleg engasjement og er pådrivar til å utvikle gode tenester med brukarmedverknad i fokus
- har gode kommunkasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å jobbe i team like godt som sjølvstendig
- er fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
- har førarkort kl. B
Vi tilbyr:
- engasjerte kollegaer og leiarar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver
- god opplæring
- gode turnusar
- langvakter (dersom ynskjeleg)
- god pensjons- og forsikringsordning
Politiattest må leverast inn før start i stilling. Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2618142
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3332097_143425_nn