Sommarvikariat legar/ medisinarstudentar 2024
Personal- og organisasjonsavdelingen / Bemanningssenteret / Helsepersonell, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Sommarvikariat legar/medisinarstudentar 2024
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremje helse og livskvalitet.
Sommaren 2024 treng vi dyktige og engasjerte legar/medisinarstudentar med lisens til sommarvikariat ved ei rekke avdelingar og einingar ved sjukehuset. Vikariata vil ha varigheit frå 6-10 veker. For å gjere det enklare for deg som søkar har vi felles rekruttering til avdelingane.
Du må oppgje øverst i søknaden kor du ønsker å jobbe, i prioritert rekkefølge (inntil 3 avdelingar).
Du må skrive i søknaden i kva periode du kan jobbe. Kandidatar som kan jobbe samanhengande og i lengre periodar vil ha fortrinn.
Periode: veke 25 - 35
Det er ledig vikariat ved desse avdelingane:
Rusmedisin:
- Avdeling for rusmedisin - 4 vikariat
Psykiatri:
- Psykiatrisk klinikk - 7 vikariat
- Øyane distriktspsykiatriske senter - 1 vikariat
- Kronstad distriktspsykiatriske senter (psykose døgn ) - 1 vikariat
- Bjørgvin distriktspsykiatriske senter - 3 vikariat
Somatikk:
- Kirurgisk klinikk (plastikk) - 1
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging
Kvalifikasjonar
- Ha norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
- Det er ein fordel med relevant klinisk erfaring
- Bør ha interesse og/eller kjennskap til fagfeltet (legg ved evt. dokumentasjon)
- Ha kunnskap om DIPS og andre fagsystem
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Er god til å samarbeide i eit tverrfagleg miljø
- Kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Er målretta, og får oppgåvene gjort
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Janne Kristiansen, Rådgiver, +47 48286300
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4788653191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.04.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Nettsted
www.helse-bergen.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2602783
- Sist endret
10. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a6ddca5699884215ac1825af56dba205