Fast stilling barne- og ungdomsarbeidar
Vindafjord kommune Vikedal skule
Kyrkjevegen 7, 5583 Vikedal
Om jobben
Stillingstittel
Barne-og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. august
Me søkjer:
70 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar på Vikedal skule og SFO.
Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 170 elevar. Sosial læring og utvikling er skulen sitt fokusområde, og me treng deg som brenn for dette arbeidet med på laget! Me treng deg som greier å sjå elevane på ein god måte, og som greier å skapa gode relasjonar til elevane, også dei som eventuelt utagerer med åtferd.
Kvalifikasjonar:
- Du pratar godt norsk
- Utdanna barne-og ungdomsarbeidar eller har annan relevant utdanning
Personlege eigenskapar:
- Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og du er glad i utfordringar. Du må kunne prate godt med små barn, men også større barn, og skapa gode relasjonar til dei barna du jobbar tettast på. Du må vera ein mild og behageleg person, men tydeleg.
- Du må vera pliktoppfyllande og samstundes fleksibel- i skulekvardagen endrar ting som fort
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2692069
- Sist endret
2. juli 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3373631_228565_nn