Helsesekretær
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen
Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær - fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst til å jobbe i eit sjukehuslaboratorium med spennande og varierte arbeidsoppgåver samtidig som du har gode kollegaer rundt deg?
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 350 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og seksjon for klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest og RELIS. Vi utfører årleg om lag 8,5 millionar analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Arbeidet varierer frå store automatiserte instrument med store prøvemengder til manuelle metodar med få og tidkrevande analysar. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Avdelinga har no ledig stilling som helsesekretær med variert innhald innan helsesekretærfunksjonar. Stillinga passar for deg som er dyktig i blodprøvetaking og som trivst med pasientkontakt. Det vil kunne vere aktuelt med prøvetaking av både barn og vaksne. Stillinga er knytta til avdelinga og ikkje spesifikt til ein fast seksjon. Rullering mellom seksjonar etter behov.
Preanalytisk seksjon er den største seksjonen ved avdelinga og har mellom 30 og 40 bioingeniørar og helsesekretærar knytta til seksjonen til ei kvar tid. Prøvetakinga blir utført ved vår poliklinikk på sjukehuset samt i vår prøvetakingsstasjon i Bergen sentrum og Region Nordhordland helsehus. Seksjonen har også ansvar for mottak, registrering og fordeling av prøvar til MBF og andre laboratorium ved sjukehuset. Store delar av prøvefordelinga er automatisert. I tillegg har seksjonen ansvar for alle kontorfaglege oppgåver som blir utført ved laboratoriet, samt oppgåver knytta til prosjekt.
Helsesekretærane kan delta i blodprøvetaking ved:
- Poliklinikkar på HUS (Sentralblokka, Parkbygget, Gamle Hovudbygg, Glasblokkene)
- MBF sin prøvetakingsstasjon i Bergen sentrum, Zander Kaaes gate 7
- Pasientar ved Psykiatrisk klinikk, Sandviken sjukehus, Divisjon psykisk helsevern
- Faste prøvetakingsrunder ved sengeavdelingar på HUS
- ØH-prøvetaking (øyeblikkelig hjelp) på HUS
Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. Oppstartsdato etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Blodprøvetaking
- Mottak, registrering og prøvefordeling av innkomne prøvar
- Sending av prøvar til andre laboratorium
- Arkivering og postfordeling
- Svare på telefonhenvendingar
- Noko enkelt analytisk arbeid kan vere aktuelt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsesekretær
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, sjølvstendig og fleksibel
- Samarbeidsvillig og ha evne til å arbeide i team
- Like varierte utfordringar
- Kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
- Vere effektiv og trivast i eit travelt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Delta i avdelinga si vaktordning for helsesekretærar (f.t. kveldsvakter og dagvakt på helg)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Nina Namtvedt, Seksjonsleiar, 55977829, nina.marie.namtvedt@helse-bergen.noMia Hjelle, Assisterande seksjonsleiar, mia.helen.hansen.hjelle@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 495009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4883794514
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790727
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0b72e2b6e5b74162b8ca063ecd59968e