Fagarbeider Nørve barnehage
Ålesund kommune
Bøgata 39, 6008 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeider Nørve barnehage
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Arbeidsoppgåver
- Stillinga som fagarbeider består av arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med Barnehageloven og Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver.
Vi leiter etter deg som kan jobbe i tråd med forventningane under: - Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn.
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
- Bidra til at det enkelte barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe.
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor dei rammene ein har blitt einige om.
- Delta aktivt i barnehagens endrings- og utviklingsarbeid.
- Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Godkjent politiattest.
- Gode norskkunnskapar i tråd med barnehageloven.
- På grunn av personalgruppas samansetning oppfordrast menn til å søke.
- Gode IKT kunnskapar til dagleg bruk i prosjektarbeid og dokumentasjon.
Personlege eigenskapar
Vi søker etter deg som har evne til å:
- Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring.
- Jobbe sjølvstendig i det daglege arbeidet i kvardagen.
- Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass.
- Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov.
- Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus.
- Sette deg personlege mål og vere synleg i gruppa.
- Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar.
- Vere ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn etter tariff.
- Gode pensjonsordningar.
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte og positive medarbeidarar.
Kontaktinformasjon
Marthe Lundemo, Verksemdsleiar, 415 18 135, marthe.lundemo@alesund.kommune.noArbeidsstad
Bøgata 396008 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4887310860
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 24.10.2025
Søknadsfrist: 08.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2796876
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7ddc13842aac4310a0e81a7d9e27891e