Undervisning elektrofag
Org. nr: 874571172 Stillingsident: 4218768022 Presentasjon av stillingen:
Eid vidaregåande skule er ein skule med kultur for læring og næring. Det er den einaste skulen i landet med eigen operasal. Skulen har tett samarbeid med Operahuset Nordfjord, Opera Nordfjord og Malakoff rockfestival. Skulen tilbyr fem utdanningsprogram og har omlag 80 tilsette og 350 elevar. For meir informasjon sjå: eid.vgs.no
Arbeidsoppgåver
Undervisning på programområda som skulen tilbyr innan data- og elektronikk, elenergi og automasjon.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer deg som har teknisk fagskule eller ingeniørutdanning innan fagområda.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Personlege eigenskapar
o God relasjonskompetanse både med tilsette og elevar
o Fagleg oppdatert
o Positivt elevsyn
o Fleksibel
o Utviklingsorientert
Vi tilbyr
o Løn etter gjeldande regulativ
o Gode pensjons- og forsikringsvilkår
o 6 mnd prøvetid
o Hjelp til å skaffe bustad
Andre opplysningar
Det vert teke atterhald om at dei utlyste utdanningsprogramma kjem i gang.
Tilsette ved dei andre skulane i Vestland fylkeskommune kan ha førerett.
Det kan vere aktuelt med mindre stillingsstorleikar.
Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ove Lillestøl, avdelingsleiar, 41530811
Ove Anfinn Bjørlo, rektor , 41530810
Arbeidsstad
Sophus Lie-vegen 3
6770 Nordfjordeid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4218768022
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 07.05.2020