Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Ortopedisk og medisinsk sengepost LSH, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 29. januar
Vikariat er ei kombistilling mellom Ortopedisk -og Medisinsk sengepost med tredelt turnus, inkludert helg.
Ortopedisk sengepost er ein spennande arbeidsplass med høgt fagleg nivå, der det hovudsakleg blir utført planlagte ortopediske operasjonar. Avdelinga er spesialisert på kne, hofte og skulder kirurgi med særskilt kompetanse på innsetting av leddproteser. Sengeposten er ein 5-døgnspost med 12 senger.
Medisinsk sengepost har 14 senger inkludert 2 overvåkningssenger. Posten driftar for tida 2 interkommunale senger. 95% av innleggingane er akutt hjelp. Vi er ein generell medisinsk sengepost med diagnosegrupper som blant anna hjerte, lunge, kreft og infeksjon.
Vil du vite meir om stillinga, ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.
For meir informasjon om Helse Førde sjå her: Helse Førde.
Arbeidsoppgåver
- Pleie til ortopediske pasientar, prè- og postoperativt
- Pleie til medisinske pasientar
- Samarbeide i team med andre yrkesgrupper
- Rettleiing av lærlingar i praksis
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming.
- Erfaring frå arbeid med medisinske og ortopediske pasientar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig, fagleg engasjert og målretta med arbeidsoppgåver
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons-og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Hjelp til bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marit Fossheim Ottersen , Einingsleiar medisinsk sengepost, 479 06 594Anja Myklemyr, Einingsleiar ortopedisk sengepost, 975 38 392
Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4906532566
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 29.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Anja Myklemyr
Einingsleiar ortopedisk sengepost
975 38 392
Marit Fossheim Ottersen
Einingsleiar medisinsk sengepost
479 06 594
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2834534
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3fe64f29156c472a81713742d6c0cb31