Grannar søkjer ansvarleg redaktør
Grannar
Haukelivegen 997, 5590 Etne, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Ansvarleg redaktør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. januar
Grannar søkjer no ein engasjert og kompetent ansvarleg redaktør som kan ta på seg det daglege ansvaret for redaksjonen, og som er drivkrafta i vidareutviklinga av både vår digitale og trykte satsing. Du bør ha ein lidenskap for lokaljournalistikk og ei sterk forståing for kva som er viktig for lokalsamfunnet vårt.
Arbeidsstad vil vere på Grannar sitt kontor på Etne senter. Det er også fleksibilitet til å bruke vårt kontor i Ølensvåg.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som ansvarleg redaktør vil du ha det overordna ansvaret for den redaksjonelle drifta og innhaldet på alle plattformer. Du skal saman med det erfarne redaksjonsteamet bidra til å vidareutvikle den digitale satsinga, samtidig som du held på Grannar si sterke posisjon som ei papiravis i lokalsamfunnet.
Andre sentrale ansvarsområder og arbeidsoppgåver:
- Sørgje for produksjon av innhald både på nett og papir.
- Vidareutvikle og styrkje Grannar si rolle som ein uavhengig og viktig samfunnsaktør.
- Skape og implementere strategiar for den redaksjonelle utviklinga, med særleg fokus på digitalisering og nye medier.
- Vere synleg og aktiv i lokalsamfunnet, samt bygge relasjonar og nettverk.
- Ivareta høge presseetiske standardar og publisistiske ansvar.
- Ha personalansvar for redaksjonen og bidra til utviklinga av medarbeidarane.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som er nysgjerrig, lærevillig og motivert for å leie Grannar til nye høgder. Du har ein strategisk og resultatorientert tilnærming til arbeidet, men er også ein god lyttar som set pris på samarbeid og involvering. Du er modig i å ta avgjerder, men er samtidig open for innspel frå både medarbeidarar og lokalsamfunnet.
For å lykkast i stillinga treng du:
- God vurderingsevne i presseetiske spørsmål og ein sterk forståing for avisa si uavhengigheit og integritet.
- Evne til å sette høge mål og gjennomføre dei.
- Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar.
- Erfaring frå journalistisk arbeid, gjerne også med leiarerfaring, men vi ser også på potensialet til journalistiske talent med leiarambisjonar.
- Erfaring med digital publisering og mediehandtering.
- Kjennskap til lokalområdet, samt evne til raskt å sette deg inn i lokale forhold.
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.
- Det er eit krav at søkjar har god skriftleg kompetanse i nynorsk, då avisa vert redigert og publisert på nynorsk.
Relevant høgare utdanning innan journalistikk, mediekommunikasjon eller liknande fagområde er ei fordel, men erfaring og motivasjon vert lagt vekt på.
Kvifor Grannar?
Dette er ei sjeldan moglegheit til å få ei sentral rolle i utviklinga av ein viktig lokal aktør. Som ansvarleg redaktør i Grannar vil du få ei spennande utfordring der du kan bidra til å sette ditt preg på framtida til avisa. Med støtte frå dyktige medarbeidarar og eit velfungerande redaksjonsteam vil du ha gode høve til fagleg utvikling, samtidig som du får konkurransedyktige vilkår.
Søknadsfrist: 20. januar 2025 - Søknader vil bli vurderte fortløpande.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga?
Ta kontakt med vår rekrutteringspartner, HAMNØY, ved rådgivarane:
- Jan Tore Hamnøy: tlf. 411 02 200
- Tonje Lavik Hansen: tlf. 902 46 867
- Allette Solberg: tlf. 900 20 132
Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartneren vår handsamar alle henvendelser konfidensielt – også overfor oss i Grannar i den innleiande fasen dersom det er ønskeleg.
Tiltreding etter nærare avtale.
Kontaktinformasjon
Jan Tore Hamnøy, Rådgiver, +47 411 02 200, jth@hamnoy.noTonje Lavik Hansen, Rådgiver, 902 46 867, tlh@hamnoy.no
Allette Solberg, Research & analyse, 900 20 132, as@hamnoy.no
Arbeidssted
Haukelivegen 9975590 ETNE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: GrannarReferansenr.: 4898489897
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Grannar er lokalavisa for kommunane Etne og Vindafjord. Avisa er konsernuavhengig med lokale eigarar, og blir redigert på nynorsk. Vi har eit opplagstal på rundt 3400, og kjem ut med ei papirutgåve kvar veke i tillegg til vår sterke digitale satsing med lokale nyhende frå Etne og Vindafjord på nett 7 dagar i veka. I tillegg lagar me podcasten Grannar-podden med lokale gjestar. Dekningsområdet vårt er prega av eit sterkt næringsliv og eit aktivt fritidstilbod innan kultur, idrett og frivillig arbeid.
Grannar har i mange år hatt ei viktig rolle som ein lokal samfunnsaktør, og vi er kjent for å vere nær og engasjert i dei lokalsamfunna vi dekkjer. Grannar har i dag 8 fast tilsette, og ambisjonen vår er å vidareutvikle avisa, styrkje både papir- og digitalpubliseringa, og sørgje for at Grannar held fram som ein sentral og relevant stemme for innbyggjarane i Etne, Vindafjord og omegn også i framtida.
Les meir på grannar.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2817347
- Hentet fra
talentech
- Referanse
39c3a536fd124bd0a60811c958a2fec5