Rektor Luster ungdomsskule
Det vert frå medio oktober ledig 100 % fast stilling som rektor ved Luster ungdomsskule.
Samla administrasjonsressurs ved Luster ungdomsskule er skuleåret 2020/21 totalt 147 % fordelt på rektor og inspektør. Som rektor vil du også vera del av rektorkollegiet i kommunen som møtest jamleg saman med kommunalsjef oppvekst.
Vi søkjer ein rektor som:
- står fram som ein tydeleg, systematisk og engasjert leiar
- delegerer oppgåver og bruker medarbeidarane sin gode kompetanse
- gjennomfører systematisk utviklingsarbeid i nært samspel med medarbeidarar, elevar og føresette
- samarbeider med alle aktørar innanfor skulen og i nærmiljøet
- samhandlar godt med inspektør, andre rektorar og den administrative leiinga i kommunen
- leiar skulen i samsvar med lover, avtaleverk og læreplanar
Ved tilsetjinga vil det bli lagt vekt på:
- relevant utdanning og praksis
- gode leiareigenskapar med evne til å styra prosessar og driva målretta utviklingsarbeid
- eit reflektert pedagogisk grunnsyn
Om bedriften
Luster ungdomsskule (LUS) ligg sentralt i Gaupne, kommunesenteret i Luster kommune. LUS er ein to-parallell skule, og skuleåret 2020/21 er det 125 elevar ved skulen. Faglege satsingar dei siste åra har vore innafor lesing og skriving, fysisk aktivitet og vidareføring av læring frå ungdomstrinn i utvikling. Komande skuleår vil skulen starta opp eit spennande prosjekt saman med Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL) og delta i eit Erasmus+-prosjekt med vekt på teknologi og STEAM. Luster ungdomsskule kan visa til gode faglege resultat, nøgde elevar og har eit stabilt kollegium med høg fagleg kompetanse.