Sakshandsamar og koordinator for kreft og lindrande omsorg
Tenestekontoret, Bømlo kommune
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Sakshandsamar og koordinator for kreft og lindrande omsorg
Oppstart
15. april 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. januar
Bømlo kommune skal stimulera til at innbyggjarane i størst mogeleg grad får hjelp til å meistra eigne liv. Det vert lagt vekt på tidleg innsats og "kva er viktig for deg". Kommunen har høgt fokus på koordinering og samhandling på tvers av faggrupper, verksemder og tenestenivå. Tenestekontoret er koordinerande eining for personar over 18 år og er sett saman tverrfagleg.
I Bømlo kommune er fleire fagkoordinatorar samle på Tenestekontoret. I tillegg til rolla som kooordinator, utøver dei også generell sakshandsaming. Tenestekontoret er ansvarleg for å ta imot og handsame søknader, samt fatte enkeltvedtak og tildele tenester innan helse- og omsorg i Bømlo kommune.
På Tenestekontoret er det no ledig stilling som sakshandsamar og koordinator for kreftomsorg og lindrande behandling.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i kartlegging, vurdering og tildeling av helse- og omsorgstenester
- Rådgjeving og innbyggjardialog
- Koordinerande rolle for einskildpersonar som mottek tenester
- Sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova
- Samhandling med spesialisthelsetenesta og andre aktørar internt og eksternt
- Delta og bidra i nettverksarbeid
- Særskild ansvar for oppfølging av fagområde kreftomsorg og lindrande behandling på individ- og systemnivå
- Utviklingsoppgåver og forbetringsarbeid innan fagområde
Kvalifikasjonar
- Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning med oppnådd bachelorgrad eller høgare
- Formell utdanning og/eller erfaring frå arbeid med kreftomsorg og lindrande behandling
- Erfaring frå å møte og støtte menneske i sårbare situasjonar
- Erfaring frå arbeid med kartlegging og sakshandsaming
- Erfaring frå tverrfagleg samhandling og koordinering
- Relevant erfaring frå fleire nivå i helsetenestene kan bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Fagleg tyngde og høg grad av integritet
- Strukturert og god til rett prioritering av arbeidsoppgåver
- Set deg raskt inn i nye problemstillingar og kan levere under tidspress
- God relasjonskompetanse, lyttande og tilgjengeleg for dei som søkjer tenester og dei me skal samhandla med
- Me ser etter ein positiv og imøtekommande lagspelar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Reidun R. Sortland.
Kontaktinformasjon
Reidun R. Sortland, 482 70 045Arbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4894842541
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 15.04.2025
Sluttdato: 09.12.2025
Søknadsfrist: 01.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Reidun R. Sortland
482 70 045
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2808450
- Hentet fra
talentech
- Referanse
caf3c0705aa64b4585a1a0ae751831b4