Lærarvikar 100% Sunde skule
Omtale av stillinga
Sunde skule har ledig stilling som lærarvikar 100% frå 01.08-31.12.2022
Arbeidsoppgåver
- Undervisa i ulike fag
- Klasseleiing
- Kan vera aktuelt å arbeida som kontaktlærar
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og foreldresamtalar
- Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø
- Sikra at elevane får eit godt skuletilbod
Kvalifikasjonar
Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen
Personlege eigenskaper
- Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
- Er lærevillig og utviklingsorientert.
- Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
- Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
- Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
- Generell god helse.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.