Assisterande avdelingsleiar 100 % vikariat frå 04.05.2020 til 31.03.2021
Org. nr: - Stillingsident: 4198569120 Presentasjon av stillingen:
Sulatunet har 28 døgnplassar i bukollektiv og 20 døgnrehabiliteringsplassar i institusjon. Plassane er organisert i ei felles avdeling under ein avdelingsleiar og ein assisterande avdelingsleiar.
Assisterande avdelingsleiar skal ut i fødselspermisjon og stillinga er ledig. Den er lagt til døgntilbodet ved
bukollektiva. Bukollektiva gir bu- og behandlingstilbod til mennesker, der kommunen sine øvrige pleie- og omsorgstenester ikkje kan gi tilstrekkeleg hjelp i eigen heim. Bukollektiva har fellesareal, personalbase og heildøgns omsorgstilbod. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Avdelinga har flinke fagfolk og utfordrande arbeidsoppgåver.
Assisterande avdelingsleiar vil få det daglege ansvaret for drift av bukollektiva og medansvar for drifta av heile avdelinga i nært samarbeid med avdelingsleiar som blir næraste overodna.
Stillinga har arbeid 3. kvar helg og arbeid på dagtid i veka.
Arbeidsoppgåver
- Assisterande avdelingsleiar vil samarbeide nært med avdelingsleiar og vil ha dagleg fagleg og administrativt ansvar for bukollektiva, herunder:
- Bemanning/Innleige
- Fagleg oppfølging
- Opplæring og veiledning
Kvalifikasjonar
- 3-årig helsefagleg høgskuleutdanning og leiarutdanning/leiarerfaring.
- Brennande engasjement for eldreomsorg.
- Du må kunne kommunisere godt, være kreativ og fagleg trygg, være målbevisst og ha gode samarbeidsevner.
- Kunnskap i lovgiving, kvalitetsutvikling, og grunnleggjande datakunnskap er ein føresetnad.
- Krav om politiattest for stillinga.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og spanande stilling i eit tverrfagleg miljø
- Løn etter avale. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
- Gode forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Grethe Juul Molvær, Einingsleiar, 70198205, grethe.juul.molver@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sula kommune
Referansenr.:4198569120
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.05.2020
Sluttdato: 31.03.2021
Søknadsfrist: 08.03.2020
Om bedriften
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9300 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv.