Helsefagarbeidar, 100% fast st.
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Om jobben
Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing 100% fast helsefagarbeidar frå 01.10.24
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Gulen kommune, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim, har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar frå 01.10.2024. Kommunen har ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels tilsetjing.
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
- Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
- Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff, med evaluering husten 2024.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Tilbyr gode forsikrings- og pensjonsordningar
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2697741
- Sist endret
26. august 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10218074