Faglærer gullsmedfag
Ønsker du å arbeide med den faglege og sosiale utviklinga til framtidas gullsmedar?
Vi ønsker å knytte til oss medarbeidarar som vil vere med å vidareutvikle avdelinga og skulen. Det er ein fordel om du har brei gullsmedfagleg bakgrunn, undervisningserfaring og/eller pedagogisk utdanning. Du må kunne vere sjølvstendig, samarbeidsvillig, endringsvillig, ha godt humør og trivast i eit hektisk miljø der det er naudsynt å kunne kommunisere og skape relasjonar både til enkeltindivid og gruppa.
Om du ikkje har pedagogisk utdanning, må du ta dette innan tre år.
Setesdal vidaregåande skule består av avdelingane Hovden, Valle og Hornnes. Visjonen vår er: "Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald". Avdeling Valle har den einaste offentlege utdanningstilbod innan gull- og sølvsmedfaget i landet og har plass til 30 elevar. Valle ligg midt i Setesdal ca. 150 km nord for Kristiansand.
Frå 1.8.2024 er det ledig 100% fast stilling som faglærar innan gullsmedfaget på Setesdal vidaregåande skule, avdeling Valle.
Skulen meiner inkludering og mangfald er ein styrke, og oppfordrar alle kvalifiserte og motiverte kandidatar til å søke.
Vi tar atterhald om endringar i tilbodsstruktur og ev. overtaligheit i fylkeskommunen.
Agder fylkeskommune meiner inkludering og mangfald er en styrke. Vi jobbar derfor for et inkluderande arbeidsliv og har et mål om at våre ansatte i størst mogleg grad gjenspeiler mangfaldet i samfunnet. Vi har tett og godt samarbeid med bedriftshelsetenestene, og vi jobbar for å tilrettelegge for at alle våre ansatte kan utøve sitt arbeid på best mogleg måte. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke, uavhengig av alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld dersom du har hatt opphald i arbeidslivet (hull i CV-en).
Arbeidsoppgaver
- Arbeide med kandidatar i Gullsmedfaget på VG3 opplæring i skule, arbeid med sølvsmedfag i Vg2 kan òg vere aktuelt.
- Jobbe med ulike ferdigheiter, kunnskapar og arbeidsoppgåver i tråd med læreplanen som gjer elevane godt førebudd til sveineprøva.
- Utvikle ulike arbeidsoppgåver som kan tilpassast elevane.
- Møte eleven og utvikle god kommunikasjon med alle elevane og hjelpe dei til å sjå eigne styrkar og svakheiter.
- Delta i samarbeid med lærarar på alle trinn.
- Samarbeid med utanlandske lærestader i forbindelse med Erasmus-utveksling
Kvalifikasjoner
- Fagbrev innan gullsmedfaget.
- Brei arbeidserfaring som gullsmed med minimum fire års praksis.
- Det er ønskeleg med fagbrev som sølvsmed
- Gjerne tidlegare arbeid med lærlingar.
- Pedagogisk utdanning må beståast innan tre år, om du ikkje kan vise til allereie godkjent utdanning
Personlige egenskaper
- Du er målretta og ambisiøs på vegne av elevane
- Du har eit tydeleg pedagogisk grunnsyn
- Du har gode samarbeidsevner i eit lite arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og liker samarbeid med forskjellige læringsmiljø i og utanfor skule
- Du kan vidareføre handverkstradisjonen gjennom å tenke nytt og alternativt.
Vi tilbyr
- En arbeidsplass som har fokus på tillit, meistring og samarbeid.
- En arbeidsplass som søker utvikling fagleg, sosialt og pedagogisk.
- Utfordrande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmulegheiter.
- Tilsetting i tråd med gjeldande regelverk
- God pensjonsordning i KLP/SPK. For meir informasjon om pensjon og andre gode, sjå vår nye nettside: www.agderfk.no/jobb
Kontaktinformasjon
Jon Terje Hegghaug, Avdelingsleder skole, 94506951, jon.terje.hegghaug@setesdal.vgs.noArbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Agder fylkeskommuneReferansenr.: 4783083736
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.04.2024