3. gongs utlysning Ledige undervisningsstillingar
Me har ei fast stilling og eit vikariat. Me søkjar lærarar med formell grunnskulelærarutdanning. Det er ønskjeleg at du kan undervise i mange fag og på fleire trinn. Me ønskjer oss lærande lærarar med fagleg oppdatert kompetanse og erfaring med å arbeide i team.
Me treng spesielt å dekke kompetansekrava i følgjande fag:
Mellomsteget og ungdomssteget: Norsk, matematikk, engelsk, naturfag, spansk, kunst/handverk og kroppsøving med symjing.
For alle stillingane gjeld at me søkjer deg som er stabil og har god evne til klasseleiing. Du har kjennskap til arbeid med psykososialt miljø og kan vise til gode resultat. Det er eit krav at du snakkar og skriv godt norsk. Fedje er ein nynorskkommune, og alt skriftleg skal vere på nynorsk. Du må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lov og avtaleverk.
Om bedriften
Fedje skule er ein fådelt 1-10 skule med ca.70 elevar og ca.13 undervisningsstillingar. Me har minoritetsspråklege elevar på dei fleste trinn. Skulen har eige symjebasseng, god dekning på elev-Pcar, smarttavlar i nesten alle klasserom og nyrenovert naturfagssal. Me har ein skule som har gode læringsresultat, eit godt elevmiljø, høgt fagleg nivå i lærarkollegiet og små klassar i eit positivt lokalmiljø. Har du lyst til å bidra?
Fedje kommune kan tilby hjelp til å finne bustad, eit godt oppvekstmiljø, gratis tilgang til symjehall og svært god tenestepensjonsordning (SPK).