Sjukepleiarar på Øystre Slidre helsetun
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiarar på Øystre Slidre helsetun
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
9
Vi søkjer dyktige sjukepleiarar til stillingar i Førebygging og meistring (heimeteneste/bustad/korttid) og i Institusjon.
Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. . Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde
Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid/avlastning og omsorgsbustader. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Følgjande stillingar er ledige:
På institusjon:
- Sjukepleier: 86,38 % på avdeling Juvike (skjerma avdeling)
- Sjukepleier: 90,08 % Midthøgde
- Sjukepleier: 71,30% Midthøgde
- Sjukepleier: 75,82% Natt
- Sjukepleier: 26,76 % Natt
Heimeteneste/bustad:
- Sjukepleier:100%
- Sjukepleier: 85,09
- Sjukepleier: 80,05
- Sjukepleier: 80,05
Arbeidsoppgåver
- Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
- Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsrehabilitering
- Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
Kvalifikasjonar
- Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
- Studentar kan bli vurdert til stillingane
- Til stilling på avdeling Juvike er det ønskjeleg med erfaring frå, ellr utdanning innan faget demens
- Gode norskkunnskapar
- Sertifikat i klasse B til stillingar i heimetenesta
- Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4
Personlege eigenskapar
- Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
- Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
- Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Tilleggsansiennitet for sjukepleiarar
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- Kompetanseheving
- Opplæring i fagsystem
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Gina Kvale Myreng, Tenesteleiar førebygging og meistring, 90525192Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4827899658
Stillingsprosent: 100, 86,38, 90,08, 71,3, 75,82, 26,76, 85,09, 80,05%
Fast
Søknadsfrist: 05.08.2024
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2679198
- Sist endret
6. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e5901affabc5482fa486aa9668a3c058