Vi søker lærarar 1.-7. trinn, fast stilling og vikariat
4 stillingar i 100% som lærar, lærarvikar frå og med 01.08.2024.
Florø barneskole er ein stor skole med mange muligheiter, og stort mangfald. Vi er flinke til å halde på det som er bra, men likar og å tenke nytt. Kollegiet er stort og kreativt, med folk i alle aldre. Har ei god fordeling av erfarne og nyutdanna, menn og kvinner.
Vi søker deg som;
- set elevane i fokus,
- vil legge vekt på å sjå elevane sine behov
- vil samarbeide med andre pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeutar for å skape kvalitet i tilbodet til elevane.
- er opptatt av å skape eit godt læringsmiljø
- legg stor vekt på eit inkluderande miljø der alle kjenner seg trygg og trivast
- som vil delta i å profesjonalisere det pedagogiske arbeidet gjennom deltaking i kompetanseheving
- er kreativ, men strukturert,
- kan jobbe tverrfagleg og variert
- er sjølvstendig og engasjert
Florø barneskole treng pedagogar som vil vere kontaktlærar. Vi har og behov for personale som vil jobbe med andrespråkspedagogikk.
Ved å jobbe på Florø barneskole blir du ein del av eit fagleg sterkt, og hyggeleg arbeidsmiljø, som alltid ser etter dei beste løysingane saman.
Vi er eit fagteam der pedagogar, fagarbeidarar, miljøterapeutar og leiarar søker etter dei beste verktøya for å gjere skolekvardagen best mogleg for elevane. Vi liker å jobbe smart og nyttar ulike digitale hjelpemiddel og system. Florø barneskole legg vekt på gode planar, struktur og mål om å få eit best mogleg samarbeid mellom heim og skole.
Arbeidsoppgåver
Undervisning/spesialundervisning på 1.-7. steg.Kvalifikasjonar
Pedagog
Høgskoleutdanning; grunnskolelærar 1.-10.klasse/1.-7. /5.-10. klasse med undervisningskompetanse i faga norsk, engelsk, matematikk. Ønskelig også med andrespråkspedagogikk.
Høgskoleutdanning; førskole-/barnehagelærar med undervisningskompetanse 1.-4.klasse.
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som er god på klasseleiing, som har ein autoritativ vaksenstil og som er god på å bygge relasjonar. Vi er ute etter deg som jobbar strukturert og kvalitetsbevisst. Det er viktig at du er robust og klarer å stå i ein jobb som krev det beste av dei beste. Vi oppfordrar menn til å søkje.Vi tilbyr
Spennande jobbar med dei aller viktigaste samfunnsoppdraga.Tilhøyrsle til eit godt fag- og utviklingsmiljø ved skolen og som del av Kinn kommune.
Ordna arbeidsforhold.
Kontaktinformasjon
Wenche Iren Brandsøy, Konstituert rektor Florø barneskole, +47 90771878Arbeidsstad
Hans Blomgate6905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4798980652
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 21.04.2024
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.