Rådgjevar
Arbeidsoppgåver
Følge opp ungdom med rett til vidaregåande opplæring som ikkje er i opplæring eller arbeid. Halde kontakt med og bruke tilgjengelege nettverk for å bidra til at ungdom utanfor opplæring og arbeid får studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse innanfor vidaregåande opplæring. Oppfølging og rettleiing av lærlingar, lærekandidatar, praksisbrevkandidatar og opplæringsbedrifter. Bidra til å skape fleirfagleg kompetanse i rettleiingstenesta.Andre arbeidsoppgåver innanfor rettleiingstenesta kan vere aktuelle.
Kvalifikasjonar
Utdanning frå universitet eller høgskule. Arbeidserfaring minimum tre år. Kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvaltning. God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk. Evne til å tenke analytisk. God systemforståing. Rettleiingskompetanse og erfaring frå vidaregåande skule er ønskjeleg. Du må ha førarkort klasse B. Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
Søkjarar utan mastergrad vil eventuelt verte tilsett i annan stillingskode.
Personlege eigenskapar
Lærevillig, fleksibel og evne til å tileigne seg ny kunnskap. Reflektert og løysingsorientert. Inkluderande og byggjer gode relasjonar. Gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid. Stort engasjement og evne til å motivere. Evne til å arbeide med og løyse problemstillingar i team. Arbeider strukturert, systematisk, sjølvstendig og målretta.Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Gode vilkår for fagleg utvikling. Eit spanande og breitt fagleg fellesskap. Løn etter avtale. Dekking av flytteutgifter. Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Margrethe Eikrem Aarset, leiar, 41243344Arbeidsstad
Naustdalsvegen 126800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4789991546
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2024