Overlegar i rettsmedisin/patologi
Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi - Gades institutt, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege i rettsmedisin/patologi
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. desember
Avdeling for patologi er ei stor og velutrusta avdeling som gjer eit breitt diagnostisk tilbod innan biopsi, cytologi, autopsi, elektronmikroskopi og nevropatologi. Ein gjer molekylærpatologisk diagnostikk i samarbeid med Seksjon for kreftgenomikk. Avdelinga har 12 LIS-stillingar og 30 overlegeårsverk. Frå januar 2025 ligg dei rettsmedisinske tenestene i Bergen under denne avdelinga. I samband med det, søker vi etter overleger i rettsmedisin/patologi, som vil vere med å bygge opp rettsmedisintenestene ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi har no ledig to faste stillingar som overlege i rettsmedisin ved avdelinga og ønsker å tilsette frå 01.01.2025. Det vil vere mogleg å arbeide 100% i rettsmedisin eller delt mellom rettsmedisin og diagnostisk patologi (til dømes 50/50 eller annen delingsbrøk). Dersom del av stillinga arbeidast innan diagnostisk patologi, vil tilsette bli knytt til faggrupper i høve til eigen kompetanse og avdelinga sitt behov.
Fagområdet rettsmedisin er nytt i Avdeling for patologi. Avdelinga ønsker å styrke tenestene med fleire overleger og LIS, og å bygge opp tenstene for å sikre regionen eit fullgodt tilbud innan rettsmedisin. Det vil bli lagt til rette for kompetanseheving innan feltet. Ein tilstreber å få til hospitering ved andre avdelingar og institusjonar. Som overlege ved vår avdeling oppfordrast det til å arbeide med fagutvikling og forsking. Avdelinga har har gode moglegheiter til forsking og utviklingsarbeid og vi har eit tett samarbeid med Universitetet i Bergen/Seksjon for patologi. Fleire patologar har arbeidsplass ved både sjukehuset og universitetet.
For avdelinga og fagområdet rettsmedisin ventar spennande utfordringar framover. Vi ønsker nye overlegekollegaer velkommen for å gå desse i møte. Vi kan tilby gode arbeidsforhold. Ved vurdering av søkarane blir det lagt vekt på relevant erfaring, også frå forsking, og elles engasjement for fagutvikling. Ved tilsetting vil personlege eigenskapar vektleggjast. Arbeidstid er måndag - fredag 08.00 - 16.00. I tillegg kan ein delta i UTA-avtale.
Arbeidsoppgåver
- Delta i det rettsmedisinske arbeidet ved avdelinga (obduksjonar, levande-undersøkingar, og anna)
- Delta i tverrfaglege møter
- Delta i utdanning av legar i spesialisering/ internundervisning
- Fagutviklings- og kvalitetsarbeid
- Bidra inn mot studiar
- Sakkunnig arbeid i rettsvesenet må påreknast
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som lege i Noreg
- Spesialist i patologi (dersom det er ønskes delt stilling mellom rettsmedisin og diagnostisk patologi)
- Dokumentert forskingserfaring vil bli lagt vekt på
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Resultat av godkjend tuberkulinprøve, ikkje eldre enn tre månader, må leggast fram ved tilsetting
- Hepatittvaksine er eit krav
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjerder
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Personlege eigenskapar vektleggast
Vi tilbyr deg
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Wik, Avdelingssjef, 55973175Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4889163142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 10.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Elisabeth Wik
Avdelingssjef
55973175
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2802864
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b220dbe0dd8a4527b3faf37750f90495