Prosjektleiar for betong- og kaiarbeid
Vi ser etter ein prosjektleiar som kan vere med å utvikle bedrifta og prosjekta våre vidare. Du vil få stor påverkningskraft i arbeidskvardagen.
Den som søker må ha utdanning som bygg- eller anleggsingeniør.
Prosjektleiaren vil ha hovudansvaret for overordna prosjektstyring, anbod og innkjøp. Personen vil ha fast oppmøtestad på vårt kontor i Volda, men noko reising må påreknast.
Det vil vere ein fordel om du har erfaring frå prosjekt innanfor betongfaget, men dette er ikkje eit krav.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige vilkår i ei bedrift med hektiske dagar og spanande prosjekt.
Krav til kompetanse
- Utdanna ingeniør (bygg- eller anleggsfag)
- Førarkort, minimum kl. B
Ønska kompetanse
- Erfaring frå anleggsbransja og spesielt betongfaget
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Utviklingsorientert, handlekraftig og positiv
Personlige egenskaper
- Trivast med arbeid både inne og ute
- Tydeleg, inspirerande og trygg som person
- Fokus på helse, miljø og tryggleik
Om bedriften
A. Våge AS har meir enn 60 års erfaring med anleggsarbeid etter vi starta entreprenørverksemd på 1950-talet. Vi har base i Volda, men prosjekt langs heile kysten av Noreg.
Vi har sidan oppstarten teke på oss arbeid innan heile bygge- og anleggssektoren. I den seinare tid har vi spesialisert oss på kaikonstruksjonar i betong.