Læreplassar hausten 2025
Vågå Kommune Fellestenester
Edv.Stormsveg 2, 2680 Vågå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærling helsefagarbeider
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass for lærlingar for å sikre god og kompetent arbeidskraft for framtida. Frå hausten 2025 har kommunen inntil sju ledige læreplassar:
Inntil tre læreplassar innan helsefagarbeidarfaget Inntil tre læreplassar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget Inntil ein læreplass i dataelektronikarfaget eller IT-driftsfagElevar som har bestått Vg1 og Vg2 kan søkje. Lærlingen vil få rettleiing og oppfølging av kompetente fagfolk. Vågå er ein stor og profesjonell arbeidsgjevar som har lang tradisjon i å utdanna lærlingar.
Lærlingane blir tilsett på ordinære læreavtaler som går over 24 månader, med oppstart august/september 2025, eller etter avtale med tenestestaden.
For meir opplysningar kontakt lærlingkoordinator Mona Sveen tlf. 996 93 818, e-post: mona.sveen@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 02.03.25.Søknad m/CV skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Gje eit stutt samandrag av kven du er og grunngje kvifor du ønskjer læreplass i vår kommune. Attestar og vitnemål kan du ta med på intervju.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass for lærlingar for å sikre god og kompetent arbeidskraft for framtida. Frå hausten 2025 har kommunen inntil sju ledige læreplassar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2852345
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
82a88afd-d5ea-4400-b97c-8c1f8f256419