GRAVFERDSKONSULENT
Vi søker etter ny medarbeidar med arbeidsstad Florø i 100% fast stilling.
Som gravferdskonsulent vil du komme i kontakt med folk i ein tung periode i livet. Dine evner til å lytte og forstå deira behov, er særs viktig. Du må vere god til å kommunisere på ein trygg, tillitsvekkande og forståeleg måte, og ha ei framferd som er respektfull. Med andre ord er dine menneskelege eigenskapar og kommunikasjonsevner det viktigaste i ein slik jobb. Du må kunne jobbe sjølvstendig, ofte med fleire oppgåver samstundes. Ha gode samarbeidsevner, og vere fleksibel til arbeidstid. Du må ha førarkort klasse B. Nokon av arbeidsoppgåvene er fysisk krevjande med tunge løft. Du vil også verte ein del av vår døgnvaktteneste. Om du er den rette for oss vil vi tilby deg full opplæring i arbeidstida. Du vil den første tida jobbe i lag med ein av oss, og på denne måten lære yrket frå grunnen av. Du vil også få tilbod om kurs i regi av bransjeforeininga vår. Vi kan tilby gode lønns- og pensjonsordningar. Om du meiner du har desse eigenskapane og kan tenke deg å arbeide som gravferdskonsulent, høyrer vi gjerne frå deg.
Søknad, med CV, sender du til:
Fjordane Begravelsesbyrå, Lindbøen 2, 6809 Førde, eller post@fjordan.no ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte:
Nils Helge Friborg tlf 412 14 223 – nils@fjordan.no
eller Eirik Kvamme tlf 918 59 970 - eirik@fjordan.no
Om bedriften
Fjordane Begravelsesbyrå AS har ytt gravferdstenester i Sogn og Fjordane sidan 1974, og er i dag det største gravferdsbyrået i fylket, med kontori Førde og Florø. Det naturlege virkeområdet vårt er kommunane Askvoll, remanger, Florø,Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.