Helgestilling ved Nordliheimen
Austrheim kommune
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, pleiemedhjelpar
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Vi har ledige helgestillingar med arbeid kvar 4 helg
Har du lyst til å arbeide som helsefagarbeidar eller pleiemedhjelpar ved Nordliheimen sjukeheim? Me har ledig helgestilling med langvakter 12,5 timar/døgn kvar 4 helg, 17-25% fast stillilng.
Nordliheimen er ein kommunal sjukeheim med 28 døgnplassar, fordelt på langtids - og korttidsplassar, med ei skjerma eining for bebuarar som lever med demens og rom til ØHD. Her finn du ein gjevande arbeidsplass med faglege utfordringar, i eit godt læringsmiljø. Som helsefagarbeidar ved Nordliheimen blir du del av eit tverrfagleg team, som er opptatt av kvalitet og fagutvikling. Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra som eit ledd i helse -og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring.
Arbeidsoppgaver
- Pasientretta arbeid knytt til pleie og omsorgsoppgåver til pasientar på Nordliheimen sjukeheim
- Samarbeide med pasient og pårørande.
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Vidareutvikle digitalisering av tenestene og utvikling av velferdsteknologi i kommunen
Kvalifikasjonskrav
- Norsk godkjent autorisasjon som helsefagarbeidar, men ufaglærte er også velkomne til å søkje.
- Interesse for arbeid med eldre og pleietrengande
- Du må meistre digitale løysingar og ha evne til å lære nye dataprogram ved behov
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Ynskjeleg at du er over 18 år
- Gyldig politiattest
Vi tilbyr
- Nytilsettopplæring og oppfølging
- Ein arbeidsplass med fokus på fagutvikling i eit lærerikt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Konkurransedyktig løn
- God pensjonsordning
Spørsmål om stillingen
- Anne Berge Brattetaule, einingsleiar 56 16 20 40/ 945 06 752
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.
Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2634446
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10208181