Miljøvaktmeister
Ulstein kommune
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Miljøvaktmeister
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søker deg som brenn for bustadsosialt arbeid.
UEKF søker ein miljøvaktmeister som skal rettleie og bistå innbyggarar i kommunale gjennomgangsbustadar, med hovudmål om å ivareta eit godt bumiljø. Du vil bli ein del av eit tverrfagleg og tverrsektorielt team tilhøyrande UEKF.
Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe for eit godt bumiljø
- Rettleie og bistå leigetakarar
- Gjennomføre tilsyn i dei kommunale utleigebustadane
- Følge opp brannverntiltak og internkontroll
- Kontroll av bustadar ved inn- og utflytting
- Utføre enkle utbetringar, mindre reparasjonar og vedlikehald
Kvalifikasjonar
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode digitale kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er god på å kommunisere med menneske i ulike livssituasjonar
- Du har god evne til å skape gode relasjonar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er engasjert, sjølvstendig, tek ansvar og har god arbeidskapasitet
- Du er praktisk anlagt
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Varierande og spennande arbeidsoppgåver
- Gode forsikring- og pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Kontaktinformasjon
Paul Arne Ulstein, Dagleg leiarKristin Vik, Kommunalsjef, 95056613
Arbeidsstad
Sjøgata 636065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein kommuneReferansenr.: 4797815141
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.05.2024
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2621862
- Sist endret
3. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
80a4b33723ba44faa729fb6a1f7e3eef