Prosjektleiar/Byggeleiar Vatn og avløp
Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn
Keiser Wilhelms g. 11, 6003 Ålesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar/Byggeleiar Vatn og avløp
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Vi søkjer etter prosjektleiarar/byggeleiarar!
Verksemd Vatn og avløp produserer og leverer reint vatn til folk og fjord. Vi tryggar framtida med å sikre folkehelse og naturmangfald og er ein avgjerande aktør for totalberedskapen i regionen. Vatn i Ålesund har ansvar for vassbehandlingsanlegg, fleire renseanlegg, 110 mil rør og 125 pumpestasjonar i tillegg til at vi har tilsyn, kontroll, forvaltning og gebyrinnkreving. Vi er også mellom dei fremste i Norge innan digitalisering i Vatn og avløp og har eit stort ingeniørmiljø med nærare 40 ingeniørar. Til saman er vi rundt 80 tilsette.
Arbeidsmengda er stor og fagfeltet er i ei rivande utvikling både når det gjeld ny teknologi og nye krav i EU-direktivet som er på trappene. Difor søkjer vi no etter to prosjektleiar/byggeleiar.
Stillingane ligg i Avdeling Plan og prosjekt som har ansvar for å planlegge, bygge nye og rehabilitere VA-anlegg og leidningsnett, planarbeid, uttalar til detaljregulering og byggesøknader, overtaking av private anlegg og utbyggingsavtaler med meir. Avdelinga har 14 tilsette.
Arbeidstad er rådhuset i Ålesund sentrum.
Velkommen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- prosjektleiing, byggeleiing, oppfølging av konsulentar
- samhandling med og oppfølging av interne og eksterne samarbeidspartnarar
- førebu og gjennomføre anbodsprosessar
- andre relevante oppgåver kan bli lagt til
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning på bachelornivå. Kandidatar med teknisk fagskule og relevant erfaring er også velkomne søkjarar.
- relevant erfaring frå anleggsbransjen er ønskjeleg.
- erfaring frå prosjektleiing og/eller byggeleiing er ønskjeleg.
- god digital kompetanse.
- gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.
- førarkort kl. B.
Personlege eigenskapar
vi ser etter deg som har eit fagleg engasjement og som
- er god på dialog med publikum og interne/eksterne samarbeidspartar.
- jobber ryddig og systematisk.
- deler kompetanse og bidreg positivt til fag- og arbeidsmiljøet.
- liker å samarbeide med andre.
- er fleksibel og positivt innstilt.
Vi tilbyr
- gi folk i Ålesund verdas viktigaste ressurs; reint vatn.
- bygge framtidas Ålesund og sikre friske fjordar, naturmangfald og livet i havet.
- godt fagmiljø og gode muligheiter for fagleg utvikling og relevant vidareutdanning.
- løn etter avtale, fleksitidsordning og heimekontor etter avtale.
Kontaktinformasjon
Kristin Nonsvik, Avdelingsleiar Plan og prosjekt, 97771788, Kristin.Nonsvik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms g. 11
6003 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn
Referansenr.: 4873637332
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2776047
- Hentet fra
talentech
- Referanse
567dfb7b4552422a998f635929c690d7