Kommunedirektør
Org. nr: 822534422 Stillingsident: 4242915974 Presentasjon av stillingen:
Administrativ leiar for Sande kommune.
Arbeidsoppgåver
Overordna leiing av kommuneorganisasjonen, med vel 300 tilsette og 249 årsverk.
Kommunen er inne i ein omstillingsprosess, vi er registrert på lista over kommunar med ROBEK-status og arbeider for redusere driftsnivået.
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning, leiarerfaring og kunnskap om kommunal forvaltning.
Søkjarar som ønskjer å reservere seg mot oppføring på offenteleg søkjarliste, må grunngje dette i søknaden, jfr Offentleglova § 25.
Personlege eigenskapar
Vi treng ein person med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner som kan vere samlande og skape engasjement for nødvendig omstilling. Erfaring frå liknande omstilingsprosessar er ønskjeleg.
Vi tilbyr
Kommunen tilbyr gode og konkurransedyktige vilkår.
Kontaktinformasjon
Olav Myklebust, Ordførar, 48 15 93 98, olav.myklebust@sande-mr.kommune.no
Arbeidsstad
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sande kommune
Referansenr.:4242915974
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2020
Om bedriften
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30--45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.