Fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO
Det kan frå skuleåret 2024-2025 verte ledig både faste stillingar og vikariat ved fleire av skulane i Volda kommune. Behova er enno ikkje fullt ut definerte, og søkarane vil vere aktuelle kandidatar heilt fram til skulestart. Stillingsstorleikane vil variere, men vil stort sett vere i intervallet 50-70%. Nokre av stillingane vil følgje skuleåret, medan andre vil vere også utanfor skuleåret sine rammer. For fleire av stillingane vil det vere behov for at den tilsette er på arbeid kvar dag - uavhengig av stillingsstorleik.
I nokre høve vil ein kunne tilby kombinasjonsstilling mellom skule og SFO.
Det vil og truleg vere behov for fleirspråklege tilsette med anna morsmål enn norsk, særleg tilsette som meistrar ukrainsk/russisk. Det kan og verte behov for tilsette som meistrar arabisk eller tigrinja.
Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.
Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
I samarbeid med lærarane støtte elevane i læringsarbeidet deira i skulen. I SFO vil oppgåvene vere å førebu og gjennomføre aktivitetar, samt oppfølging av enkeltelevar som har særskilde behov.
I tillegg vil arbeidet for dei med tospråkleg kompetanse innebere å vere til hjelp med omsetjing til morsmål og støtte elevane i arbeidet med å lære norsk.
Kvalifikasjonar
I nokre av stillingane er det ønskjeleg med godkjent fagbrev som barne -og ungdomsarbeidar. Det kan og verte aktuelt med fagbrev innan helsefag.
Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til nokre av stillingane. Vi legg vekt på personlege eigenskapar, jf punkta nedanfor. Menn vert oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har evne til å bygge gode relasjonar
- har engasjement og hjarte for arbeid med barn og unge
- er ein vaksen som er trygg, omsorgsfull og er tydeleg
- har gode samarbeidsevner med kollegaer og føresette
- er fleksibel, har stor arbeidskapasitet og bidreg til fellesskapet
- er sjølvstendig i arbeidet
Vi tilbyr
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.
Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske statsborgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr Opplæringslova § 10-9.
Prøvetida er 6 mnd.
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med oofentleglova § 25, kan opplysningar som søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønsker at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngi dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønske om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Line Homberset, fagkonsulent, 70058870, line.homberset@volda.kommune.noArbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4782641928
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.04.2024
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!