Maskinsjef i sambandet Leirvåg-Sløvåg, f.t. MF Storfjord
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fv57, 5953 Fonnes
Om jobben
Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Leirvåg-Sløvåg, f.t. MF Storfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1
Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Leirvåg - Sløvåg, f.t. MF Storfjord.
MF Storfjord vart bygd i 2011, og er i 2019 bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift.
Skiftordning: Døgnskift 3 veker på - 3 veker av. Byttedag mandager. Distansen Leirvåg ferjekai-Bergen Sentrum tar bare 1 time og 5 min.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- FSE E-læringskurs
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: Døgnskift 3 veker på og 3 veker av
- Hybelordning
Kontaktinformasjon
Kim André Arnesen, Operativ leiar, 95798552Arbeidsstad
Fv575953 Fonnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4742093753
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2024
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2507067
- Sist endret
7. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
22c89797723a44428fced1e498a5d115