Undervisningsstilling - Lærar engelsk
AUH - AUSTRHEIM VGS, Vestland fylkeskommune
Mastrevikane 44, 5943 Austrheim
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling - Lærar engelsk (årsvikariat)
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Austrheim vidaregåande skule ligg i Mastrevikane i Austrheim kommune. Vi er ein skule med om lag 200 elevar som kjem frå kommunar i Nordhordland samt Gulen og Solund. Skulen har studiespesialisering og ulike yrkesretta studietilbod. Austrheim vidaregåande skule har eit tett og godt samarbeid med næringslivet i Fensfjordområdet med fyrtårna Mongstad og Sløvåg og med kommunane i vårt område. Austrheim vgs set eleven i sentrum under mottoet "Me bryr oss!" ut frå ein filosofi om at trivsel er viktig for læring. Resultata frå elevundersøkingar viser at elevane skårar høgt på trivsel og at dei får faglege utfordringar.
Arbeidsoppgåver
Austrheim vidaregåande skule har frå 01.08.2024 ledig undervisningsstilling i 100% (årsvikariat):Arbeidsoppgåver:
* Undervisning i engelsk.
* Ansvar for å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga
* Kontaktlærarfunksjon kan vere aktuelt.
* Bidra til kompetanseutvikling i profesjonsfellesskapet - både pedagogisk og fagleg
Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med:* Undervisningskompetanse i engelsk.
* Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), integrert lektorutdanning eller anna pedagogisk utdanning som gir undervisningskompetanse.
* Erfaring frå undervisning.
Det er krav om framvisning av politiattest.
Personlege eigenskapar
* Eit positivt elevsyn og ser mogleheitar i alle elevar
* Pedagogisk og faglig nysgjerrig
* Utviklingsorientert
* Gode evner til samarbeid, lagtenking og relasjonsbyggjande eigenskapar
* Opptatt av å skape eit trygt og godt læringsmiljø med tydeleg klasseleiing
* Strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
* Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
* Nært samarbeid med kollegaer, spesielt fagteama for norsk og samfunnsfag
* Høve til å vere med på å forme eit nytt utdanningstilbod
* Eit særs godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
* Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
I følgje offentleglova §25.2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
Kontaktinformasjon
Sigbjørn Georg Tresvik, ass. rektor , 99366507Arbeidsstad
Mastrevikane 445943 Austrheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4800223027
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 28.04.2024
Om bedriften
Nettsted
austrheim.vgs.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2621492
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40bb9f37bfd24df0b6c57037c64601e2