Har du lyst til å arbeide med jordbruksstatistikk? - Statistisk sentralbyrå
SSB gjennomfører kvart år ei rekke undersøkingar retta mot jordbruksnæringa. Til å planlegge og gjennomføre slike undersøkingar, treng vi ein dyktig medarbeidar som er interessert i fagfeltet.
Saman med eiga datainnsamling, vert det nytta ei rekke administrative data i statistikkproduksjonen. I tråd med EØS-avtalen gjennomfører Noreg mange av dei same undersøkingane som i resten av EU/EØS-området.
SSB arbeider med effektivisering og modernisering, og vi gjennomfører no eit eige prosjekt på modernisering av landbruksstatistikken. Det er tenkt at delar av arbeidstida vil gå med til dette prosjektet der ein utviklar og etablerer nye løysingar for automatisering og editering.
Jordbruksstatistikken er saman med energi-, miljø-, areal- og transportstatistikk ein del av eit kompetanseområde som arbeider med statistikk om grønt skifte. Vi arbeider og med å auke bruk av GIS og geodata i samband med statistikkproduksjonen.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføring av undersøkingar i jordbruket (miljø, avlingar, økonomi, arbeidskraft m.m.)
- Støtte i formidling av resultat - artiklar og enklare analysar
- Delta i vidareutvikling av statistikkområdet
- Støtte oppgåvegivarar og statistikkbrukarar
- Noko reising og internasjonal representasjon kan vere ein del av stillinga
- Andre oppgåver innanfor avdelinga sine ansvarsområder kan leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på mastergradsnivå, f.eks. sivilagronom, naturvitar
- Ønskeleg med gode IT-kunnskapar, f.eks. SAS eller tilsvarande
- Ønskeleg med erfaring frå å gjennomføre statistiske undersøkingar
- Ønskeleg med kunnskap om primærnæringane
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- God i talhandsaming
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for krav til utdanning
Utdanningsretning
- Natur- og miljøfag
- Landbruk / Skogbruk / Sjøbruk
- Regnskap
- Statistikk, ev. IT
- Samfunnsvitenskapelig
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Hovedfag / Mastergrad
Personlege Eigenskapar
- Gode samarbeidseigenskapar
- Evne til sjølvstendig arbeidsinnsats
- Løysingsorientert og effektiv
- Strukturert og målretta
- Fleksibel og endringsvillig
Vi tilbyr
- Lønn som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar (1408/1434/1364) med årslønn kr 449 400-607 700 etter kvalifikasjonar.
- Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning
- Lyse og trivelege lokale i Kongsvinger
- Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
- Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø
- Generelt:
- Attestar/vitnemål skal registrerast/leggjast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi ber søkarar som blir kalla inn til intervju, om å ta med originalar eller bekrefta kopiar av attestar og vitnemål. Vi kontrollerer dokumenta.
- Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.
- Søkarar som gjer til kjenne at dei har nedsett funksjonsevne, må vere klar over at denne opplysninga kan bli brukt til registreringsføremål jf. regjeringas arbeid med inkluderingsdugnaden.
- I SSB ønskjer vi mangfald blant medarbeidarane våre. Vi oppfordrar difor blant anna personar med innvandrarbakgrunn til å søkje.
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Dagfinn Sve, seksjonssjef, (+47) 932 47 568, sda@ssb.no
Berit Bjørlo, seniorrådgivar, (+47) 408 11 346, bbj@ssb.no
Arbeidsstad
Kongsvinger
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Statistisk sentralbyrå
Ref. nr.:19/240
Heltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 10.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4027204874&company_id=3372106587&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg, og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har om lag 850 tilsette i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.
SSB publiserer dagleg statstikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, også internasjonalt.
Vi er ei kompetanseverksemd med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernsiere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.