Sande heimeteneste søker
Sunnfjord kommune Sande heimeteneste
Sunnfjord
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 14%
Antall stillinger
1
Har du lyst på ein jobb som gjev deg utfordringar, spenning og mykje gleder?
Heimetenestene på Sande i Sunnfjord yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Arbeidsoppgåvene er varierte og inneber stell, pleie, medikamenthandtering, sårstell, ernæring og tverrfagleg samarbeid. Vi er ei eining som er opptekne av god kvalitet i tenestene våre og vi er stolte av arbeidsplassen vår.
Vi har ledig:
- 14 % helgestilling som helsefagarbeidar med arbeid kvar 3. helg.
Om du ikkje har dei nødvendige kvalifikasjonane kan du likevel søke. Søkarar utan nødvendig utdanning kan få tilbod om mellombels tilsetting.
Vi søker etter deg som :
- er autorisert helsefagarbeidar
- har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
- bidrar til godt samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenesteytarar
- har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- evnar å jobbe sjølvstendig på oppdrag og i team
- bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- har førarkort klasse B
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Godkjent politiattest av ny dato må leverast før start i stillinga.
Vi tilbyr:
- godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- inkluderande miljø
- pasientnært og fagleg fokus
- spanande og faglege utfordringar
- leiing som er nær
- eininga disponerar bilar i tenesta
- kompetansetillegg ved relelvant vidareutdanning
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2679041
- Sist endret
26. juli 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3366647_191725_nn