Sjukepleiar- 100 % fast
Vinje kommune
Vinjevegen 212, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar- 100 % fast
Oppstart
1. desember 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du vår nye kollega? Er du ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar som ynskjer å gjere ein skilnad i menneskes liv?
Vinje sjukeheim søkjer etter ein nye sjukepleiarar til vårt team. Me har tre langtidsavdelingar og ei kortidsavdeling med til saman 34 plassar. Langtidsavdelinga med sine 25 plassar er delt inn i tre grupper, deriblant ei skjerma avdeling for personar med demens. Kortidsavdelinga består av 9 plassar, der 2 av plassane er akuttplassar for Tokke og Vinje kommune.
Vinje sjukeheim ynskjer å ha større fokus på å ivareta kvar enkelt bebuar sine interesser og behov, og skal i samband med det nytte "aktivitetsdosett", som er ein systematisk metode for å leggje til rette for individuell aktivitet. Me er opptatt av å ivareta pårørande som ein viktig ressurs for bebuarane, og jobbar for tida med eit prosjekt knytt til heilskapleg pårørandestøtte.
Frå 2025 skal me nytte årsturnus, slik at du som tilsett har større moglegheit til å påverke din eigen turnus, og for å planleggje fritida for heile året.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarsvakter der du er på toppen som sjukepleiar, og hjelper til der det er behov.
- Sjukepleiaroppgåver, som til dømes oppfylging av dårlege pasientar, palliasjon, sjukepleiarprosedyrer, legevisitt/tilsyn.
- Pasientoppfylging - pleie og omsorg, samt medisinsk oppfylging
- Ivareta godt pårørandesamarbeid.
- Oppfylging av KAD plassar, som er kommunale ø-hjelpsplassar.
- Rettleiing og oppfylging studentar/lærlingar og kollegaer, og bidra til fagleg utvikling i avdelingane.
- Observere, dokumentere og iverksette tiltak etter avdelinga sine føringar.
- Koordinering av pasientforløp
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- God kunnskap i norsk, skriftleg og muntleg. Minimum nivå 2
- Lovkrav om politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar)
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig, vurdere og ta beslutningar, og ta ansvar
- Du har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du har interesse for geriatri
- Du er påliteleg og positiv, og har evne til å sjå utfordringar som ein moglegheit for læring og forbetring
- Du har ynskje om å delta aktivt i endringsarbeid
Vi tilbyr
- Eit fagleg sterkt arbeidsteam, med trygge sjukepleiarar
- Ein forutsigbar arbeidsplan
- Moglegheit for relevant kompetanseutvikling
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Lønn etter lokal tariff.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Torhild Fjellestad, Avdelingsleiar, +47 91 52 47 87, torhild.fjellestad@vinje.kommune.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4886019819
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2024
Søknadsfrist: 02.12.2024
Om bedriften
Korttidsavdelinga på Vinje sjukeheim består av 9 plassar: 2 akutte døgnplassar (KAD) i samarbeid med Tokke kommune, to plassar knytt til avlastning, og resterande plassar er til diverse korttidsopphald, derav rehabilitering i tett samarbeid med fysio -og ergoterapeut. Her får pasientane pleie, stell og behandling gjennom heile døgnet, i tillegg til legevisitt fem dagar i veka.
Sjukeheimen har eit godt tverrfagleg team rundt seg i samarbeid med andre instansar/ressurspersonar i kommunen, som diabetessjukepleiar, sårsjukepleiar, kreftkoordinator med meir.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794539
- Hentet fra
talentech
- Referanse
67735d1763384ff595df5804b84c6f3f