Ferievikar 2019 - helse og omsorg, og teknisk drift
Kort om stillinga
Radøy kommune søkjer etter ferievikarar innan pleie og omsorg. Det vil være størst behov i perioden veke 25 - 33.
Det vil også være eit realtivt begrensa behov for arbeid i teknisk avdeling til plenslått og malingsarbeid.
Me ser etter søkjarar som har erfaring frå tilsvarande arbeid eller som er i utdanning innan hjelpepleie, omsorgsarbeid, sjukepleie eller vernepleie. Søkjarar med annan bakgrunn er også aktuelle.
Radøy kommune gir særskilt avlønning for helse- og sjukepleiestudentar og tilsvarande.
For arbeid innan teknisk sektor må ein ha førarkort kl B.
Om arbeidsstaden
Radøy kommune treng ferievikarar til følgjande avdelingar:
Velferdssenteret: nattevakter, pleiepersonale dag/ kveld. Kontakt: Anne B.Brattetaule, 56 34 91 90.
Heimetenesta: pleiepersonale og heimehjelparar på dag/ kveld. Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar samt pleiemedarbeidarar på dag, kveld og helg. NB! Må ha sertifikat. Kontakt Johnny Brattetaule, 56 34 91 91.
Nattpatruljen: sjukepleiarar. NB! Søkjarane må ha førarkort klasse B. Kontakt Johnny Brattetaule, 56 34 91 91
Radøy legesenter: helsesekretær. Veke 26-28 og 30-32. Kontakt kontorleiar Bente Bø Taule tlf 56 34 90 90
Arbeid dag og kveld/helg, pausevikar ved Hannesvegen bustader og avlastning og Prestbrekka bustader, Grønålen. Ønskjer helst med erfaring frå målgruppa.
RIB: Veke 26-32. Langvakter medlever, miljøarbeid. Vibeke Erstad, 56 34 92 20
Teknisk drift: 01.06.2019 - 31.08.2019
Aktuelle arbeidsoppgåver:
- Vedlikehald av grøntareal
- Vedlikehald av bygg
Du må vere fylt 18 år, og helst ha sertifikat. Løn etter gjeldande tariffavtale for kommunalt tilsette.
Vil du vite meir om oppgåvene mm, kan du kontakte Einar Færø
Ansvar og arbeidsoppgåver
Ferievikar i helse og omsorg / teknisk drift
Kvalifikasjonskrav
Helsefagarbeidarkompetanse eller tilsvarande med autorisasjon.
Ønskjeleg med relevant erfaring, studier eller skulegang.
Evne til sjølvstendig arbeid og samarbeid, gode personlege eigenskapar vert tillagt vekt.
Vi kan tilby
Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.
Du kan sende søknad slik
Send søknad elektronisk via Visma rekruttering. Bruk portalen på www.radoy.kommune.no under ledige stillingar.
Attestar og vitnemål kan du laste opp til søknaden eller du tar dei med til eit eventuelt jobbintervju.
Ta kontakt med sørvistorget tlf 56 34 90 00 viss problem med å registrere deg som søkar.
Om bedriften
Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune. Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og ope hav til høge fjellområde. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. Regionsenteret Knarvik ligg om lag 30 minutt med bil frå Bergen sentrum, og har god kollektivdekning med både buss og båt.For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene våre, treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.