Psykologspesialist/erfaren psykolog
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen
Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun
Om jobben
Stillingstittel
psykologspesialist/erfaren psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Ved BUP Fana er det ledig årsvikariat for erfaren psykolog med oppstart januar-25/snarast og fast stilling for psykologspesialist med oppstart mars/april 2025.
BUP Fana er ein av 7 poliklinikkar i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Vi held til sentralt på Nesttun, samlokalisert med BUP Ytrebygda. Opptaksområdet vårt er kommunane Austevoll og Fana byområde i Bergen. BUP Fana har 22 fagårsverk. Vi er organisert i to team og har tyngdepunktfunksjon for spesialisert behandling av spiseforstyrringar. Poliklinikken har også ansvar for Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse med to fagstillingar og Tverrfagleg helsekartlegging med ei fagstilling.Poliklinikken har engasjerte og svært dyktige medarbeidarar med godt etablerte behandlingstidlbod som mellom anna IIP-gruppe, FBT-team og fleire erfarne traumeterapeutar. Dei siste åra har vi jobba med å styrke tilbodet til pasientar med angst og depresjon, alvorleg psykisk liding og integrering av EFST som behandlingsmetode. Vi er opptatt av å finne gode strategiar for å møte den auka pågangen i behova til befolkninga og søkjer medarbeidarar som ønskjer å finne løysingar som ivaretar både fagleg kvalitet og god bruk av ressursane vi har til rådigheit. Vi har stort fokus på korleis vi samhandlar internt og eksternt for å gje best mogleg tenester til pasientar og familie/nettverk rundt pasienten. Dei neste åra vil vi ha særleg fokus på å styrkje tilbodet vårt til barn og unge med nevroutviklingsforstyrringar.
Ved tilbod om stilling må du legge fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og unge
- Samarbeid med føresette og relevante instansar
- For spesialistar; Intern rettleiing av kollegaer i spesialisering
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta og/eller arbeid med barn- og unge
- Kompetanse innanfor metodane vi allereie jobbar med eller område vi ønsker å utvikle oss på
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeidskapasitet
- Evne og vilje til å hjelpe pasientar og samarbeide med kollegaer
- Fagleg trygg, nysjerrig og varm i møte med andre
- Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med overeinskomst
- Eit støttande og godt arbeidsmiljø
- Rettleiing, relevante kurs og vidareutdanning med stort rom for fagleg utvikling
- Gode system for å ta i mot nytilsette
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Janne Tømmerbakke, Seksjonsleiar, 92082083Arbeidsstad
Østre Nesttunvegen 205221 Nesttun
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4877724684
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2778545
- Hentet fra
talentech
- Referanse
600014eec653411a95af90613745b3e1